"Min forskning de siste 20 årene har forsterket min overbevisning om at måten vi takler relasjoner på, enten det er relasjonen foreldre-barn, samlivspartnere, lærer-student, profesjonell-klient, veileder-veiledet, er av avgjørende betydning for utvikling av personlig og faglig integritet og læring." Dette skriv Killén i forordet til boka.
Profesjonell rettleiing
Dei siste tiåra har samfunnsendringar ført med seg store psykososiale, sosioøkonomiske, kulturelle, psykiske og somatiske problem som er blitt meir erkjente både av fagfolk og i samfunnet i det heile. Det er ei auka erkjenning av at svært mange barn og vaksne som ein møter i helse- og sosialsektoren, barnehage og skule, har problem som ein må forholde seg til, uansett kva yrkesgruppe ein høyrer til. Det er ikkje lenger berre psykologar og sosionomar som behandlar psykososiale problem, stadig fleire profesjonar må utvide sitt perspektiv, understrekar Killén.
Profesjonell rettleiing er dermed blitt naudsynt for alle yrkesgrupper som arbeider med mellommenneskelege forhold, meiner ho. Rettleiing er naudsynt for å sikre brukaren, klienten, pasienten, eleven eller pårørande ein faglegetisk forsvarleg behandling.
Prosess og metode
Boka tek føre seg eit felles kompetanseområde i helsefagleg, psykososialt og pedagogisk arbeid, og Killén skriv om utviklings- og rettleiingsprosessen samt ulike rettleiingsmetodar. Ho formidlar ei pedagogisk tilnærming som først og fremst er utvikla innanfor praktisk "psykososialt" arbeid.
Kari Killén er sosionom, dr.philos. og forskar emerita ved NOVA.