| "Ny
energi" gammalt nytt
I eit par tiår
har miljøvennleg energi venta rett rundt hjørnet –
men oljepumpene går som aldri før. Er fornybar energi
overselt?
 |
Å flytte vindmøller til havs kan vere svaret på
eit støyproblem. Biletet viser verdas største
offshore vindmøllepark, som ligg i Øresund. Her
produserer 20 møller nok elektrisitet til å dekkje
3 prosent av københavnernes forbruk.
Foto: B. Tornvig/Scanpix |
Det har ikkje skorta
på forlokkande framtidsdraumar: Hydrogensamfunnet, der bilistane
vislar lydlaust på veg til og frå jobb,medan «eksosen»
dryp rein og fin ned i vegbanen. Vindkraft-Noreg, der svære
møller i kvar ei grend kvernar all den elektrisitet vi treng,
ut av vindkasta. Sol-, bølgje- og vasskraftlandet der ingen
lenger må tenke på å spare straum.
Teknologiane som trengst,
er på veg. Det har vi høyrt – lenge. Resultatet,
i år 2005? I Noreg går oljepumpene i Nordsjøen
som aldri før. I verda vert 95 prosent av energibruken dekka
av ikkje-fornybare energikjelder: olje og kol.
Men framleis talar alternativprofetane
til oss, om kor reint og bra alt skal bli. Kan vi tru på visjonane
deira – eller er det slik at fagre ord dekker til det faktum
at forbruket av olje og kol held fram med å vekse? Og: Er
nå den miljøvennlege energien så miljøvennleg
når det kjem til stykket?
Aristoteles meinte at
materien var sett saman av fire grunnstoff. Dagens miljøfilosofar
meiner det er ut av desse elementa vi trekker framtidas grøne
energi.

I Trøndelag, ein
seinvintersdag: Førsteamanuensis Jørgen Løvseth
står og flaksar om kapp med vindmøllene ytst på
forblåste Smøla. Han flaksar til ære for fotografen.
Løvseth har slåss for solenergi og vindmøller
i ein mannsalder, og nå bles vinden i hans retning. Ti nye
møller står klar for oppføring berre i denne
vindmølleparken åleine.
 |
Jørgen Løvesth har slåss for vindmøller
i ein mannsalder. Men alle er ikkje like glad i vindmøller
som han er.
Foto: Rune Petter Ness |
Vi var med Løvseth
hit i vinter då han fylte sytti, og det passa bra å
vandre ut på heiane i den trønderske skjergarden, fram
til nyleg eit paddeflatt landskap der lyngen var det einaste som
rørte på seg i vindkasta – nå eit livleg
syn, med treblada rotorar som sviv overalt.
NOT IN MY BACKYARD.
• Vi spurte han om kva folka som bur her ute, meiner
om møllene som veks opp omkring dei. Løvseth svara
at spørjeundersøkingar tyder på at dei gjekk
frå å vere positive til endå meir positive etter
at møllene kom opp.
Mon det?
– Det kan sjå
ut som om dei har teke ein meir tvitydig haldning til vindkraft
etter at ein starta med å bygge møllene.
Det er professor Knut
H Sørensen som seier dette, og det er Noregs Naturvernforbund
han snakkar om. Det er kan hende ikkje så merkeleg at Naturvernforbundet
er blitt meir skeptisk etter kvart som møllene kjem opp,
for dette er på mange måtar ein grasrotorganisasjon,
med medlemmer som bur ute i distrikta, der vindmøllene står.
Og her slår syndromet NIMBY til: Not in my back yard –
ikkje i mitt nabolag. Eller som kunstnar Lise Hauge sa til Morgenbladet
i april: – Det bles då andre stader også.
På den andre sida:
Kven vil vel ha eit 130 meter høgt monster som tek til å
brøle så snart det første vindkastet kjem, bakom
husveggen? Ikkje i min bakgård…
– Dette ber feil
veg. Først tok vasskrafta fjella, nå kan vindkrafta
ta kysten og vidda, sa leiar av Naturvernforbundet, Erik Solheim,
nyleg. Dette vert raskt ein debatt om miljøestetikk. Er det
ein del av miljøvernet?
SPERREBALLONGAR
• «Debatten er prega av eigeninteresser frå
mange hald, og er i stor grad på veg mot ein estetikk-debatt.»
Dette skriv Bellona på sine nettsider.
Oslo: Vi møter
energiøkonom Marius Holm i Bellona. Akkompagnert av ei stillegåande
Akerselv forbi hovudkontoret, forklarer han kor viktig det er for
verdas framtid at smølaværingar og andre ikkje oppfører
seg som sperreballongar: – Det er egoistisk å setje
omsyn til eigne fjellknausar framfor klimaførebyggjande tiltak.
Rett nok er Noreg ikkje det første landet som vil merke følgjene
av den globale oppvarminga, men likevel bør ein ha omsynet
til fellesskapet lengre framme i tankane.
– Spelar dei
ulike miljøvernorganisasjonane på lag?
– Nei, vi gjer ikkje alltid det. Men vi har sams mål:
Gjere noko med den globale klimaeffekten, seier Holm.
SAKTE, SAKTE
• Når Regjeringa satsar på vindmølleparkar,
er dei på rett veg, meiner Bellona, Natur og Ungdom, og –
trass innvendingar – Naturvernforbundet. Men det monnar så
lite. I dag produserer norske vindmøller ein halv terrawattime
(TWh). Regjeringa vil at produksjonen skal auke til heile 3 TWh
innan 2010.
Det årlege norske
straumforbruket er på 120 TWh. Med andre ord er det olja i
Nordsjøen som skal halde oss flytande, ventande i hundre
år til.
– Målet er
tjue i år tjuetjue, seier seniorforskar John Olav Tande i
Sintef. Ordspelet er enkelt: tjue TWh innan dei to første
tiåra er omme. Dette bør vere realistisk, meiner vindmølleforskaren.
Som ikkje greier å late vere med å fortelje kva for
enorme moglegheiter vindmøllene har: –Teoretisk kan
ein produsere 1000 TWh gjennom vindmøller langs norskekysten.
– Men då
står dei venge mot venge frå Nordkapp til Lindesnes?
– Nei, nei, det held å legge vindmølleparkar
på strategiske punkt langs kysten, seier Tande, og legg til
at 3 TWh innan 2010 slett ikkje representerer noka storstilt utbygging:
Ein kunne sett opp ein vindmøllepark på 10 x 10 kilometer,
og produsert denne energimengda.
Eitt tusen terrawatt,
ni gonger så mykje som totalforbruket av energi i landet.
Svære greier, sjølv om det berre er på papiret.
Og her sit vi med ein halv TWh og vonar fromt på tre.
HAVMØLLER
• Sjølv om det er bra for det globale klimaet,
kan kystfolket likevel styre begeistringa for å bli omringa
av vindmøller. Derfor peikar Tande på eit alternativ:
å flytte møllene ut i havet. Ut av syne, ut av sinn.
Eitt av forslaga som
Tande har mest tru på, går ut på å bygge
eit flytande tårn som er tre gongar så stort som dei
største landbaserte vindmøllene, og så fylle
botnen med stein.
– Om tårnet
vert forankra på rette måten, vil det oppføre
seg som ein gigantisk flytebøye, forklarar Tande.

I Noreg vert altfor
mykje søppel til jord, medan det i staden kunne gjort nytte
for seg i form av bioenergi. Tore Killingland i Naturvernforbundet:
– I Sverige produserer ein 100 TWh i bioenergi årleg.
Killingland er ein entusiast
som gjerne talar slik journalistar liker. Når han skal forklare
kvifor privateigde kjøretøy vert tyngre og tyngre,
forklarar han det ut frå at norske bilistar er blitt så
late og feite at dei ikkje orkar å sveive att vindauget sjølv,
men må ha ein motor til å gjere jobben. Når bilen
vert for tung, aukar vekta.
Når det gjeld bioenergi,
forklarar han det faktum at teknologien og metodane er kjent, på
følgjande vis: Krutet er oppfunne. Nå gjeld det å
finne børsa.
BRENNBART AVFALL
• Biologisk materiale er så mangt. Ein del
av det handlar om avfallssortering: Kva går til deponering,
og vert til jord utan at det lar seg gjere å lirke energi
ut av det? Kva kan nyttast til noko, i første rekke til fyring
i biokraftverk?
Her er det likninga med
krutet og børsa kjem inn. Om til dømes bønder
og grunneigarar fekk betalt for såkalla skrotved, ved å
levere det til biokraftverka, så vart det lønsamt å
tynne skogen slik at høgkvalitets ved vart att. – Slik
tenker ein heilskapleg, seier Killingland.
Per i dag står
bioenergi for om lag fem TWh. Halvparten av dette er vedfyring.
Den andre halvparten finn vi i skogindustrien, der bioenergi dekker
ein fjerdedel av energibehovet.
Professor Johan Hustad
er leiar ved Senter for fornybar energi som NTNU og SINTEF gjekk
saman om å etablere i 2004.
Dette handlar om å
fyre med brennbart avfall. Men er det miljøvennleg å
fyre i peisen? – Dagens omnar utnytter 60-65 prosent av energien,
og dette er for dårleg. Samstundes kjem dei med vesentlege
utslepp av partiklar til luft. Nyare omnar verkar betre, opp mot
åtti prosent, og utsleppa er redusert med like mange prosent.
Nyare omnar kan i framtida redusere dette ytterlegare, men ny teknologi
må da utviklast, seier professor Hustad.
«Mi
personlege oppfatning er at regjering og storting stogga
støtta etter press frå dei store oljeselskapa. Dei
var vel redd for
konkurransen.»
Johannes
Falnes, bølgjeforskar
BIOENERGI KAN
DOBLAST • Nye forbrenningsteknologiar er under kontinuerlig
utvikling ved SINTEF Energiforsking.
Bioenergi forureinar
mindre enn sine «fossile søskenbarn». Bruk av
bioenergi gir inga netto utslipp av karbondioksid (CO2) fordi plantene
tek karbondioksid frå atmosfæren opp i seg når
dei veks. I tillegg er utsleppa av svovel marginale. Utslipp av
sot, CO2 og hydrokarbonar er høgare frå bioenergi enn
frå naturgass, men det er mogeleg å redusere desse utsleppa
vesentleg. Hustad presiserer at dette føreset moderne forbrenningsteknologi.
– Bruk av bioenergi
i staden for oljefyring er eit viktig tiltak for reduksjon av klimagassutslepp
i Noreg, og dermed eitt av de tiltaka vi må satse på
for å unngå at utsleppa av klimagassar aukar, seier
professor Hustad. Han trur bioenergi kan doblast i Noreg i løpet
av ti år. Så får vi sjå kva som skjer.

Energi frå vatn
i Noreg handlar først og sist om vasskraftverk. Er dette
miljøvennleg energi? Mange minnest framleis kampen om utbygginga
av Altavassdraget, og før det Mardølautbygginga. I
dag har politikarar på begge sider erklært at «tida
for dei store vasskraftutbyggingane er over.» I 2003 produserte
norske vasskraftverk 207 TWh, og så mykje meir får ein
ikkje til, om ein ikkje skal byggje ut mange mindre vassdrag. Det
er det inga politisk vilje til.
VASSKRAFT OG
CO2 • Om ein ser bort frå inngrepa i naturen,
har vasskraft ry som rein og uskuldig. Men ein artikkel i New Scientist
i vinter slår hol i den myten: Når dei store demningane
vert fylt opp, blir store mengder karbon som er bunde til trær
og andre plantar, frigjort på grunn av forrotninga som oppdemninga
fører til. Anna plantemateriale som vert liggande på
botnen, rotnar utan hjelp av oksygen. Dette fører til at
metan vert danna, og metan fører til tjue gongar meir global
oppvarming enn CO2, les vi i tidsskriftet.
Problema vert større
jo varmare landet er: Såleis førte utslepp frå
Curuá-Una-demninga i Brasil til tre og ein halv gang meir
drivhutsutslepp enn kva eit tilsvarande oljebasert el-produserande
kraftverk ville gjort. Spesialrådgjevar Hans Aarhus i Naturvernforbundet
seier likevel at dette ikkje vil kunne skje på same vis i
Noreg, dels fordi landet er kaldare, dels fordi ein her til lands
ikkje dannar slike kunstige innsjøar.
BØLGJEDAL
• Eit felt som det ikkje vart noko av, er bølgjekraft.
Den som kan mest om dette, er professor emeritus ved NTNU, Johannes
Falnes. Noreg var, saman med Storbritannia, leiande i verda på
feltet sist på 1970-talet. Også dette er ei historie
om enormt potensial, som framleis ikkje er realisert.
Professor Falnes fortel
at samla kan bølgjekraft produsere om lag 400 TWh årleg
i Noreg. Så kvifor vart det ikkje noko av?
– Mi personlege
oppfatning er at regjering og storting stogga støtta etter
press frå dei store oljeselskapa. Dei var vel redd for konkurransen,
trur professor Falnes.

Ein gong i menneskets
urtid kom elden til oss frå himmelen – i form av lynnedslag,
og som konsentrert solvarme. I verda i dag er sol kan hende den
fornybare energikjelda med størst potensial. Her er teknologiutviklinga
heilt sentral.
 |
Sola er kan hende den energikjelda som har størst potensial.
Foto: Nina Tveter |
– Mengda med solenergi
som treffer jorda kvart år, svarar til om lag 15 000 gongar
verdas totale energibruk, forklarar Hustad. – Dagens solcelleteknologi
kan i teorien forsyne Noreg med 120 TWh ved å dekke 0,4 prosent
av landområdet med solceller. Men dette lar seg likevel ikkje
utnyttast slik i praksis.
Visjonar til tross –
det er andre stader i verda der sola skin meir enn i Noreg. Men
det som ligg lagra utanfor kysten vår, er noko ikkje mange
har mykje av.
NORDSJØENS
VÅTE DRAUM • Bortkasta eld: Gassfaklane som
stikk på skrå ut av plattformtårna i Nordsjøen,
er for mange eit symbol på sløsing av energi –
krafta vert til eld, utan at nokon får glede av den. Men er
«CO2-frie» gasskraftverk miljøaktivistens våte
draum – eller er det endå eit luftslott, som korkje
er realiserbart eller miljøvennleg?
Let det seg gjere å
utnytte gass frå Nordsjøen til miljøvennleg
energiproduksjon? Dette er blitt den store kontroversen mellom miljøforkjemparar
denne våren. Årsmøtet i Sosialistisk Venstreparti
i mars gjekk til kampvotering om dei skulle gå for CO2-frie
gasskraftverk: Tilhengarane vann med knapp margin. I miljørørsla
står Bellona (for) og Naturvernforbundet (mot) mot kvarandre.
Mange kallar dette for
CO2-fri gassproduksjon, fordi CO2-rekneskapen går i null,
ved at karbondioksid vert pumpa ned i havbotnen for å presse
gassen opp. Karbondioksiden som vert produsert ved hjelp av gassen
som kjem opp (pluss ein del CO2 som vert med gassen opp av feltet),
vert likna ut av den karbondioksiden som blir liggande att i feltet.
Verken Tore Killingland
eller Marius Holm godtek å kalle denne gasskraftproduksjonen
for «CO2-fri.» Eit betre uttrykk er «Gasskraftproduksjon
med CO2-handtering.»
KAN IKKJE VENTE
• Marius Holm har stor tru på slik gasskraftproduksjon.
Dette er spesielt viktig fordi utviklinga av fornybar energi tek
tid.
– I verda er det
eit enormt vekstpotensial for produksjon av fornybar energi. Spørsmålet
er om det kjem i tide – den globale oppvarminga aukar, og
aukar raskare. Vi kan ikkje vente med tiltaka, vi er nøydd
til å få ned utsleppa raskt, og då kjem vi ikkje
utanom reinare fossil energiproduksjon, med fangst og lagring av
karbondioksid.
Holm legg til at CO2-deponering
også har ein eigenverdi, om ein ser bort frå gasskraftproduksjonen:
800 milliardar tonn karbondioksid kan lagrast i gamle felt på
norsk sokkel. – Dette tilsvarer det europeiske forbruket i
eitt hundre år, forklarar Holm.
GASSKRAFT GIR
MEIR CO2 • – Gasskraftverk er blindspor, også
dei med CO2-handering, meiner Tore Killingland i Naturvernforbundet.
– Kvifor investere
så mykje teknologi, pengar og personale i å byggje eit
kraftverk som gjer at CO2–rekneskapen berre går i null?
Ein må tenke meir offensivt enn som så, meiner Killingland,
som derimot har stor tru på CO2- deponering frå sentraleuropeiske
kolkraftverk.
Naturvernforbundet får
nå støtte frå resultata av eit ferskt NTNU-doktorgradsarbeid.
Sivilingeniør Klaus-Ole Vogstad har kjørt modellanalysar
som konkluderer med at bygging av gasskraft vil føre til
auka utslepp av CO2 på lengre sikt.
Modellen simulerer drift,
prisar, investeringar, teknologiutvikling og ressurstilgang over
tretti år, og viser at medan gasskraft på kort sikt
erstattar noko av den eksisterande kolkrafta, vil gass på
lang sikt kome til å erstatte alternative investeringar i
fornybare energikjelder.

I filmen med same namn
var det den rekombinante romfararen i Milla Jovovich’ skikkelse
som var det ekstra elementet som bandt saman dei fire naturelementa,
fekk dei til å verke saman og skape noko nytt. Dette nye redda
menneska frå å bli utsletta.
I vår samanheng
er det femte element pengar.
Johan Hustad seier det
slik: – Det mest interessante for Noreg som nasjon her er
ikkje energipotensialet, men industripotensialet. Sjølv om
det ikkje finst nokon stor marknad innanlands for alternativ energi,
er det globale nedslagsfeltet svært. Berre for å nemne
eitt døme: Verksemda Scanwafer produserte solceller for ein
milliard kroner i fjor.
Tore Killingland meiner
dette handlar om evna til å tenke nytt: – Norske turbiningeniørar
som vart utan arbeid då vasskraftutbygginga flata ut, gjekk
på arbeidsløysetrygd medan danske elektroingeniørar
svingte seg opp på vindkraft, og starta med å konstruere
vindmølleturbinar. Her har vi noko å lære.
I dag er 20 000 danskar
sysselsett i vindmølleindustrien, som eksporterer for 20
milliardar kroner årleg.
«Vi
står overfor eit vegskilje både når det gjeld
veksten i globale utslepp og kva for konsekvensar det tvingar fram.»
Knut H. Sørensen, samfunnsforskar
VEGSKILJE •
Professor Knut H. Sørensen ved Institutt for tverrfaglege
kulturstudiar, NTNU, forskar på teknologi med samfunnsvitskaplege
perspektiv. Han ser eit vegskilje i synsranda.
– Vi står
overfor eit vegskilje både når det gjeld veksten i globale
utslepp og kva for konsekvensar det tvingar fram – og i framtida
kan vi bli nøydd til å velje kva for teknologiar vi
bør satse på. Så langt ser eg inga vilje til
å prioritere, seier han.
Situasjonen nå
er prega av at ei rad ulike teknologiar er under utvikling.
Professor Sørensen
forklarer mangelen på prioritering med at tidleg på
nittitalet vart den norske energimarknaden liberalisert, med det
som resultat at Noreg i dag har eitt av verdas mest liberaliserte
kraftmarknader.
– Vi har inga energipolitikk!
Alt er overlate marknaden. Vi har ein enøk-politikk, men
det er ikkje det same, og det er farleg å blande desse to
omgrepa. Mange trur at enøk-politikk har med miljø
å gjere, men det er feil. Enøk handlar om å spare
pengar. Fokus er på pris og kostnader. I visse situasjonar
er det god enøk å erstatte vasskraft med olje.
Pengar kan vere det femte
elementet som bind saman dei andre fire – men det treng ikkje
fungere slik, og vi må ikkje overvurdere verknaden av økonomiske
verkemidlar, åtvarar professor Sørensen.
– Ein har lett
for å feste for stor lit til pengar som motiv for å
få folk til å endre åtferd, til dømes at
auka el-prisar får oss til å spare på straumen.
Men det er få områder kor pris betyr mindre enn på
energisektoren.
REIN ENERGI?
• Historia om ny fornybar energi i Noreg er historia
om evige repetisjonar på kalkylar over potensiell energiproduksjon,
og potensiell kommersiell utnytting som aldri vart noko av. Men
kan hende er tida inne nå? Det hastar meir enn nokonsinne.
Som Tande peikar på, kan vi i Vesten hente mykje inn på
enøk-tiltak, men det kan ikkje den tredje verda (og Kina):
Her handlar det om å få opp produksjonen, og fø
på eigne innbyggjarar. Då kan ein ikkje framleis sitje
og vente på den perfekte løysinga.
– Det beste var
om ein fann ei energikjelde som var uuttømeleg, som ikkje
kosta noko særleg og som ikkje hadde nokon form for skadeverknader
på miljøet. Den kjelda har vi dessverre ikkje funne
enno, og mykje kan tyde på at vi aldri vil finne henne. Vi
får finne på noko anna i mellomtida, seier John Tande.
Av
Tore Oksholen
Kontakt:
Johan E Hustad, Senter for fornybar energi, NTNU Tlf: 73 59 25 13,
e-post: johan.e.hustad@ntnu.no
|