Tilbake til hovedsida SVINGINGAR ELLER VENDEPUNKT I SAMFUNNSØKONOMIEN?
 
Foreleser Rune Skarstein
Tidspunkt Lørdag 13. mars kl. 1015
Sted: Suhmhuset i Trondheim sentrum.

I dette foredraget får vi høyre om eit fenomen som grip sterkt inn i dei fleste sin kvardag. Verdien på pengane våre varierer, oljeprisen og renta går opp og ned, kort sagt: økonomien svingar over tid.

Dei første omfattande studiane av slike endringar kom i gang etter «Den store depresjonen» (1873-1896). Ein hadde då fått betre tilgang på økonomisk statistikk, og nokre økonomar prøvde òg å forklare dei observerte svingingane.

Teoriane om økonomiske svingingar byggjer på ei forestilling om at «historia gjentek seg», iallfall på visse måtar. Men meir inngåande studiar held fast på at ingen samfunnsøkonomisk prosess er lik dei føregåande. I staden for svingingar eller syklusar er det heller snakk om vendepunkt (‘turning points’), som blant andre Paul Bairoch har gjort seg til talsmann for. I eit slikt perspektiv er svingingane berre overflatiske uttrykk for meir grunnleggjande historiske endringar.

Forelesar er førsteamanuensis Rune Skarstein, Institutt for sosialøkonomi.

Lenker