Hopp til innhold
Hopp til lokal navigasjon
Hopp til global navigasjon
Hopp til kontakt info
NORGES TEKNISK-NATURVITENSKAPELIGE UNIVERSITET
Søk i NTNUs nettsider
Årsstudium allmenn litteraturvitskap

Allmenn litteraturvitskap

Bøker
Photo: NTNU Info
Allmenn litteraturvitskap gir ei innføring i den vestlege litterære tradisjonen frå oldtida og fram til våre dagar.

Sentralt står utviklinga av dei store genrane: Epikk, dramatikk og lyrikk. Dei blir studerte i eit samanliknande perspektiv over tidsepokar og over språk- og landegrenser. Dette litteraturhistoriske perspektivet blir supplert med ei innføring i dei viktigaste teoriane og metodane i litteraturfaget, slik dei har utvikla seg frå antikken og fram til vår eiga tid.

Vi tar for oss eit utval av hovudverk innafor dei ulike periodane og dei viktigaste sjangrane. Desse verka vert sette i samanheng med litteraturhistoriske tekstar, og med dei allmenne estetiske og kulturelle tendensane i perioden dei høyrer heime i.

Allmenn litteraturvitskap er eit komparativt fag: Ingen litterære verk står aleine, men inngår alltid i ein dialog med andre verk. Difor må dei verte forståtte i høve til desse. Du studerar og dei litterære tekstane i høve til andre kunstartar som biletkunst, film og musikk. Studieretninga gir ei omfattande og fagleg fundert kulturkompetanse som er relevant for andre fagområde innafor humanistiske og estetiske fag.

Det er ingen bestemte forkunnskapskrav til basisdelen av studiet. Men det er ein fordel å ha god lesetrening i fremmendspråk, først og fremst engelsk. Studentane skal lese alle skandinaviske og engelskspråklege pensumverk etter ca. 1500 på originalspråket.

Fakta om årsstudium allmenn litteraturvitskap

Studienivå: Årsstudium
Varigheit: 1 år
Avgrensa tilgang: Ja

Institutt:
Institutt for nordistikk og litteraturvitenskap
Fakultet:
Det historisk-filosofiske fakultet

Gyldigheit: Informasjonen om årsstudium allmenn litteraturvitskap er gyldig for studieåret 2007/2008.

Veien videre etter fullført årsstudium

Etter fullført årsstudium kan du søke opptak på tilsvarende bachelorprogram og ta fordypningsemnene.

Du kan også benytte årsstudiet som støttefag og valgfri del i en bachelorgrad.

NTNU, 7491 Trondheim, tlf. 73 59 50 00. Kontakt oss
Ansvarlig redaktør: Informasjonssjef Christian Fossen