Hopp til innhold
Hopp til lokal navigasjon
Hopp til global navigasjon
Hopp til kontakt info
NORGES TEKNISK-NATURVITENSKAPELIGE UNIVERSITET
Søk i NTNUs nettsider
Nordisk mastergrad i dans

Studiemiljø

Studentane møter kvarandre i ei felles interesse for dans og bevegelse. Dei har gjerne praktisk erfaring, og bruker gjerne mogligheita under samlingane til både å danse sjølv, oppleve danseforestillingar og utveksle erfaringar. Slik oppstår spennande møte over sjangergrensene.

På NTNU ligg programmet under Institutt for musikk og undervisinga er lagt til Rådet for folkemusikk og folkedans, Rff-sentret, med store arkiv for og spesialisering på samværsdansen og mot musikkfaget.

Ved Universitetet i København ligg programmet under Institut for Kunst- & Kulturvidenskab - afdeling for kunsthistorie, dans og teatervidenskab med spesialisering mot teaterdansen, og med teatervitskap og musikk som spesialiseringsrammer.

I Stockholm ligg programmet hos Teatervetenskapliga institutionen med teatervitskap og kulturstudiar som spesialiseringsramme for dansefaget.

I dette studiet vil du møte forelesarar frå fire forskjellige nordiske universitet, møte ulike nordiske universitetstradisjonar og studere i fire forskjellige byar gjennom konsentrerte, intensive undervisingsperiodar.

Du kan få sett Bournonville sine ballettar på hans eigen scene, besøke eit av verdas få dansemuseum og oppleve rørospolsen i hans nærmiljø. Ulike faglege spesialitetar blant både lærarar og i fagmiljøa generelt gjer breidde og spesialiseringsmoglegheiter gode.

Kvart av fagmiljøa har dessutan breie kontaktnett ut i Europa og i verda, og arrangerer ekstra seminar og kurs, som til dømes NTNU sitt intensivkurs i Etnokoreologi der du møter lærarar og studentar frå eit titals europeiske universitet.

NTNU, 7491 Trondheim, tlf. 73 59 50 00. Kontakt oss
Ansvarlig redaktør: Informasjonssjef Christian Fossen