Hopp til innhold
Hopp til lokal navigasjon
Hopp til global navigasjon
Hopp til kontakt info
NORGES TEKNISK-NATURVITENSKAPELIGE UNIVERSITET
Søk i NTNUs nettsider

FAQ (UBiT hjelpen)

Her finn du ein oversikt over korleis du kan kontakte UBiT, korleis du får kontakt med UBiTs ressursar og over korleis UBiTs web er bygd opp etc.

Korleis kontakte UBiT:
Spør biblioteket
E-post
Telefon
SMS
Chat
Postadresse
Besøksadresser
Innkjøpsforslag

Tilgang til elektroniske ressursar:
SFX og eUBiT

Rettleiing:
VIKO - Vegen til informasjonskompetanse

Bruke biblioteket:
Lånekort
Lånereglar
Fjernlån
Prisar
Opningstider
BIBSYS
Mine lån og bestillingar


Noko du lurer på?
Korleis låne bøker
Korleis søke i BIBSYS
Artiklar og kopiar


KORLEIS KONTAKTE UBiT

Universitetsbiblioteket i Trondheim (UBiT) har 10 avdelingsbibliotek som dekkjer ulike fagområde. Vi vil råde deg til å kontakte det biblioteket som dekkjer ditt fagområde slik at du kan få raskast mogleg svar på ditt spørsmål.

Epost E- postadresser til dei ulike avdelingsbiblioteka finn du under dei ulike biblioteka sine websider.
Velg Om UBiT > Bibliotekene > UBiTs avdelingsbibliotek eller sjå vår oversikt.

Telefon Telefonnummer til dei ulike avdelingsbiblioteka finn du under dei ulike biblioteka sine websider.
Velg Om UBiT > Bibliotekene > UBiTs avdelingsbibliotek eller sjå vår oversikt.

SMS UBiT tilbyr sms-teneste for henting av reserverte bøker. Ta kontakt med ditt bibliotek.

Chat UBiT tilbyr for tida ingen chatte-teneste

Spør biblioteket Du kan sende faglege spørsmål til biblioteket ved å fylle ut vårt kontaktskjema. Du finn også lenka til dette skjemaet under dei enkelte fagsider.

Dersom du er ungdomsskuleelev, bør du vurdere om du heller skal sende spørsmålet ditt til biblioteksvar.no

Postadresse
Universitetsbiblioteket i Trondheim
7491 TRONDHEIM

Besøksadresser Besøksadressa til dei ulike avdelingsbiblioteka finn du på dei ulike biblioteka sine websider.
Velg Om UBiT > Bibliotekene > UBiTs avdelingsbibliotek eller sjå vår oversikt.

Innkjøpsforslag Kjenner du til litteratur som biblioteket manglar, men som du meiner at vi burde ha hatt? Då kan du sende oss eit innkjøpsforslag.


BRUKE BIBLIOTEKET

For å kunne låne litteratur ved våre utlånsstader eller bestille lån og kopiar online i BIBSYS, må du vere registrert som låntakar ved UBiT.

Lånekort Alle studentar ved NTNU blir automatisk registrert som lånarar ved UBiT. Du brukar studentkortet ditt som lånekort. Tilsette ved NTNU brukar sine ansattekort. Avtalepartnarar og eksterne brukarar må kontakte det seksjonsbiblioteket dei kjem til å bruke mest, for å bli registrert som lånar. Du kan også bruke "Bibliotekkortet for Trondheim" og "Lånekortet" ved UBiT sine seksjonsbibliotek..

Lånereglar Universitetsbiblioteket i Trondheim (UBiT) yter først og fremst tenester til tilsette og studentar ved Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet (NTNU) og avtalepartnarar. I den grad biblioteket har ressursar til det, er bibliotekets samlingar tilgjengelege for andre som treng dokumentasjon i samband med fagleg verksemd.
Les meir

Fjernlån Fjernlån omfattar både fjernlån ut frå UBiT dvs. lån og kopiar levert frå UBiTs samlingar til andre bibliotek, institusjonar og eksterne brukarar, og innlån til UBiT dvs. lån og kopiar frå andre bibliotek.
Les meir

Prisar Studentar og tilsette ved NTNU/ avtalepartnarar kan gratis låne dokument både frå UBiTs eigne samlingar og andre bibliotek i Norden. Eksterne brukarar får låne dokument fra UBiTs samlingar gratis, men må betale for å låne inn frå andre bibliotek. Alle brukarar må betale for artikkelkopiar. Vi oppmodar difor alle til å undersøke om artikkelen finnst elektronisk før ein bestiller artikkelkopi.
Les meir

Opningstider Dei enkelte biblioteka har noko ulik opningstid. Det kan også vere ulike fristar for bestilling av litteratur frå samlingar som ikkje er opne for publikum.
Les meir

BIBSYS BIBSYS er ein database som gjev deg oversikt over bøker som du har tilgang til ved norske fag- og forskningsbibliotek. Du brukar BIBSYS til å finne bøker eller bestille lån (sjå prisliste ). Les gjerne gjennom lånereglane våre . I tillegg til bøker vil du også finne rapportar, hovedoppgåver og doktoravhandlingar i BIBSYS.

TILGANG TIL ELEKTRONISKE RESSURSAR

UBiT abonnerer på ei rekkje elektroniske ressursar som elektroniske bøker, oppslagsverk, tidsskrift og databasar.

Se Teknisk veiledning


SFX og eUBiT
Brukerveiledning for SFX og eUBiT

Elektroniske ressursar som krev spesiell programvare:

Nokre elektroniske ressursar krev at du installerer spesiell programvare.

Se Teknisk veiledning



RETTLEIING:

VIKO - Vegen til informasjonskompetanse
VIKO er eit interaktivt kurs i informasjonskompetanse. Informasjonskompetanse blir definert som evna til å vite når du har behov for informasjon, kva slags informasjon du treng, og korleis du skal finne, vurdere og bruke informasjonen på ein effektiv måte. Du kan bruke VIKO som hjelpemiddel i samband med oppgåveskriving.
Kort fortalt vil du i VIKO lære korleis du skal finne informasjon, vurdere informasjon og korleis du skal skrive ei oppgåve. VIKO er utvikla ved UBiT.
Les meir


NOKO DU LURER PÅ?

Korleis låne bøker For å låne bøker ved våre utlånsstader, eller bestille lån og kopiar i BIBSYS, må du vere registrert som lånar ved UBiT (sjå prisliste). Les gjerne gjennom lånereglane våre..

Korleis søke i bibliotekdatabasen BIBSYS
Frå UBiTs startside velger du BIBSYS ASK i venstremenyen
Les meir

Artiklar og kopiar Dersom du veit kva artikkel du vil ha, kan du gå direkte til BIBSYS for å søke etter tidsskriftet artikkelen er publisert i. Du kan bestille lån eller kopi (sjå prisliste for kopi av tidsskriftartiklar). Du kan også sjå om UBiT har tidsskriftet i elektronisk fulltekst slik at du kan skrive ut artikkelen sjølv.

Dersom du ikkje veit kva artikkel du skal ha, men ønskjer å søke generelt etter aktuelle tidsskriftartiklar, må du bruke ein fagdatabase. Du finn desse under Finn databaser. Du kan anten søke etter ein fagdatabase eller velje faget ditt for å få ei liste over kva fagdatabasar som finnst.

NTNU, 7491 Trondheim, tlf. 73 59 50 00. Kontakt oss
Ansvarlig redaktør: Informasjonssjef Christian Fossen