Roller og ansvar | Fakultetsløsninger | Lenker | Demo-video 


Strek
UtdanningskvalitetUtdanningskvalitet

Roller og ansvar

Klikk på ei rolle for å sjå korleis ansvarsområdet til rolla er sett opp.

Roller Studentene/ReferansegrupperFaglærereEmneansvarligDelprosesseiereInstituttlederProgramledelseFULFUSDekanatRektoratStudiedirektør

Rektoratet

Rektoratet er ansvarleg for arbeidet med å forbetre kvaliteten på studietilbodet og undervisninga ved NTNU. I denne rolla skal Rektoratet

  • godkjenne det overordna prosessbiletet og revisjonar av det
  • fastsette kva for delprosessar, aktivitetar og grensesnitt i undervisningsprosessen som skal kvalitetssikrast
  • kvart år leggje fram ein rapport for styret om korleis studiar, undervisning og vurdering ved NTNU har vorte kvalitetssikra

Utdanningsutvalet er referansegruppe og gjev råd til Rektoratet om dette arbeidet.

Aktuelle lenkjer:
Dei kriteria NOKUT har sett opp for kvalitetssystem
Undervisningsstrategien ved NTNU
Hovudstrategien NTNU har fram mot 2010
Korleis kvaliteten på undervisning og læring er sikra ved NTNU
Kvalitetsstøttesystemet ved NTNU (KVASS)
Rettleiing til årsrapporten NTNU skal lage om kvalitetsarbeidet
(Til Toppen)

Studiedirektør

Studiedirektøren er systemeigar til støttesystemet for utdanningskvaliteten ved NTNU. Med "støttesystemet" meiner vi heile dataapplikasjonen med dei prosessbileta og aktivitetstabellane som høyrer til og det verktøyet som er lenka til.

Studiedirektøren knyter til seg ein person med serskild oppgåve å utføre "systemeigarskapet". Han skal rapportere direkte til Studiedirektøren.

Systemeigaren tek ansvaret på vegner av heile organisasjonen. Oppgåva er å sikre ei stabil drift og godt tilgjenge for brukarane, og skal kontinuerleg forbetre systemet.

Som systemeigar av støttesystemet skal Studiedirektøren

  • drifte, halde ved like og utvikle systemet
  • lære opp og rettleie brukarane
  • ha ein systematisk og regelfast kontakt med brukarane og dei som eig delprosessane, som grunnlag for å revidere og forbetre systemet
  • gjere framlegg overfor prorektor om kva for revisjonar av prosessbileta vi treng og kva for aktivitetar og grensesnitt vi skal kvalitetssikre
  • budsjettere kostnader knytt til drift, utvikling og opplæring
Aktuelle lenkjer:
Dei kriteria NOKUT har sett opp for kvalitetssystem
Undervisningsstrategien ved NTNU
Hovudstrategien NTNU har fram mot 2010
Korleis kvaliteten på undervisning og læring er sikra ved NTNU
Kvalitetsstøttesystem ved NTNU (KVASS)
Rettleiing til årsrapporten NTNU skal lage om kvalitetsarbeidet
Korleis systemet vert forvalta
(Til Toppen)

Delprosesseigarane

Ansvaret for å halde ved like og forbetre forklaringane på prosessane, aktivitetstabellane og standardhjelpemidla i støttesystemet vert fordelt såleis:

Utvikle studietilbodet: Studieavdelinga
Planleggje undervisning, vurdering og evaluering: Studieavdelinga
Gjennomføre vurdering (eksamen og sensurering): Studieavdelinga
Gjennomføre undervisninga: Studieavdelinga
Evaluere emne og program: PLU ved Uniped-gruppa
Informere og rettleie studentar: Studieavdelinga

Eigarane av delprosessane skal i samråd med systemforvaltaren og i nær kontakt med brukarane

  • forklare og dokumentere delprosessen
  • vidareutvikle aktivitetstabellane og standardverktøya knytt til delprosessen
  • foreslå justering av det overordna prosessbiletet, dersom det er behov for det
  • gi rettleiing og opplæring innafor delprosessen

Forslag til endringar melder du til systemforvaltaren som har ansvar for å gjere dei konkrete endringane i fellesdelen av støttesystemet.

Aktuelle lenkjer:
Forklaring på systemforvaltninga
(Til Toppen)

Dekanat

Dekanatet er ansvarleg for å setje i verk og følgje opp kvalitetsarbeidet ved fakultetet. Viktige oppgåver er å

  • stimulere til fagleg og pedagogisk fornying i emne, program og programportefølje
  • sjå til at studieprogram som høyrer til fakultetet, har ei ansvarleg koordinerande programleiing
  • sjå til at kvalitetsarbeidet vert følgt opp ut frå intensjonane
  • leie arbeidet med å utvikle og innføre hjelpemiddel tilpassa eigen studiekultur
  • setje kvalitetsutviklinga på dagsorden i relevante fora, slik som leiarmøtet
  • jamlege møte med institutt- og programleiarane for å komme fram til forbetringstiltak på kortare og lengre sikt
  • kvart år utarbeide rapport om kvalitetsarbeidet på instituttet
  • utføre forbetringstiltak som ligg innafor ansvarsområdet til fakultetet og bringe tiltak inn i riktig avgjerdsprosess (studieplanrevisjon, budsjett og ressursfordeling, kompetanseutvikling, infrastruktur med meir)
  • lønne godt undervisningsarbeid
Aktuelle lenkjer:
Dei kriteria NOKUT har sett opp for kvalitetssystem
Undervisningsstrategien ved NTNU
Hovudstrategien NTNU har fram mot 2010
Korleis kvaliteten på undervisning og læring er sikra ved NTNU
Kvalitetsstøttesystem ved NTNU (KVASS)
Mal for årsrapporten fakultetet skal lage om kvalitetsarbeidet
Rettleiing til årsrapporten om kvalitetsarbeidet
(Til Toppen)

FUL (Forvaltningsutvalet for lærarutdanningane)

(FUL heimeside)

FUL er eit forvaltningsorgan under Utdanningsutvalet og arbeider med saker innafor dei oppgåvene som er lista opp i mandatet for Utdanningsutvalet. FUL kan få fullmakt til å avgjere saker innafor eit avgrensa saksområde.
FUL vert leia av ein utvalsleiar som har tale- og møterett i Utdanningsutvalet.

Forvaltningsutvalet for lærarutdanningane har desse arbeidsoppgåvene:

  1. Ta initiativ ovafor Utdanningsutvalet i saker som gjeld lærarutdanningane.
  2. Gje tilråding om strukturen i lærarutdanningsprogramma.
  3. Vedta studieplanane for den praktisk-pedagogiske utdanninga i lærarutdanningsprogramma.
  4. I samarbeid med fakulteta gjere framlegg til Utdanningsutvalet om dimensjoneringa av og opptaksrammene til lærarutdanningsprogramma.
  5. I samarbeid med fakulteta og dei lokale programråda sjå til at kvalitetsarbeidet ved NTNU vert følgt opp innafor lærarutdanningane.
  6. På vegner av NTNU foreslå for Rektor kva NTNU skal seie i høyringssaker som gjeld lærarutdanningane.
  7. Handsame og avgjere søknader om dispensasjon frå § 4 nr 4 i studieforskrifta.
  8. Sjå til at lærarutdanningane er i samsvar med dei nasjonale rammeplanane og at de ulike lærarutdanningsprogramma når læringsmåla sine.
  9. Førebu saker for Utdanningsutvalet. Studiedirektøren legg fram desse sakene.
  10. Rapportere til Utdanningsutvalet om dei vedtaka FUL gjer i kraft av fullmaktene sine.
  11. Kvart år utarbeide ein rapport om lærarutdanningsverksemda ved NTNU, der vekta skal liggje på tiltak som gjer kvaliteten betre.
  12. Arbeide aktivt for å fremje synet om jamstelling i lærarutdanningane
  13. Arbeide for å ta vare på dei interessene NTNU har i å vere representert i dei nasjonale og internasjonale fora som er relevante for lærarutdanning.
  14. Gje råd til fakulteta om fagtilbod som kan gå inn i ein lærarutdanning, og i samarbeid med fakulteta komme fram til tilrådde studieløp og kombinasjonar for læraryrket.
(Til Toppen)

FUS (Forvaltningsutvalet for siv.ing.-utdanninga)

(FUS heimeside)

FUS er eit forvaltningsutval under Utdanningsutvalet og arbeider saker innafor dei oppgåvene som er lista opp i mandatet for Utdanningsutvalet. FUS kan få fullmakt til å avgjere saker innafor eit avgrensa saksområde.
FUS vert leia av ein utvalsleiar som har tale- og møterett i Utdanningsutvalet.

Forvaltningsutvalet for sivilingeniørutdanninga har desse arbeidsoppgåvene:

  1. Ta initiativ ovafor Utdanningsutvalet i saker som gjeld sivilingeniørutdanninga.
  2. Gje tilråding om strukturen i sivilingeniørutdanninga.
  3. Vedta studieplanar for sivilingeniørutdanninga.
  4. I samarbeid med fakulteta gjere framlegg for Utdanningsutvalet om dimensjoneringa av og opptaksrammene til sivilingeniørprogramma.
  5. I samarbeid med fakulteta og dei lokale programråda sjå til at kvalitetsarbeidet ved NTNU vert følgt opp innafor sivilingeniørutdanninga.
  6. På vegner av NTNU foreslå for Rektor kva NTNU skal seie i høyringssaker som gjeld sivilingeniørutdanninga.
  7. Handsame og avgjere søknader om dispensasjon frå § 4 nr 4 i studieforskrifta ut frå gjeldande retningsliner og praksis.
  8. Vedta læringsmål for graden og sjå til at dei ulike sivilingeniørprogramma når læringsmåla sine.
  9. Førebu saker for Utdanningsutvalet. Studiedirektøren legg fram desse sakene.
  10. Rapportere til Utdanningsutvalet om dei vedtaka FUS gjer i kraft av fullmaktene sine.
  11. Kvart år utarbeide ein rapport om sivilingeniørutdanninga ved NTNU, der vekta skal liggje på tiltak som gjer kvaliteten betre.
  12. Arbeide aktivt for å fremje synet om jamstelling i sivilingeniørutdanninga.
  13. Arbeide for å ta vare på dei interessene NTNU har i å vere representert i dei nasjonale og internasjonale fora som er relevante for sivilingeniørutdanninga.
(Til Toppen)

Programleiing

Fakultetet/vertsfakultetet peikar ut ein programleiar og et programråd for programma sine. Programleiinga skal arbeide for at programma vert godt oppbygde med god samanhang mellom emna fagleg, administrativt og praktisk. Leiinga skal gjere sitt til at programma gjev naudsynt og etterspurd kompetanse i arbeidsmarknaden og samfunnet - i dag og i framtida.

Programleiinga skal

  • stimulere til fagleg og pedagogisk fornying i programmet og i emna som inngår
  • sjå til at kvalitetsarbeidet som gjeld program, vert gjennomført ut frå intensjonane
  • foreslå fagleg oppbygging av programmet og i den samanhangen vurdere samansetjing, profil på emna, progresjon, studieretningar og moglege val
  • setje fram behov for ressursar ovafor institutt og fakultet for å skape naudsynt heilskap og samanhang i programmet
  • samle emneansvarlege kvart semester når dei skal planleggje og gjennomføre undervisning og vurdering, sjå dessutan pkt under emneansvarleg
  • evaluere programmet ved å
    • ha naudsynt kontakt med omverda for å vurdere behov for kompetanse og etterspurnad
    • halde oppfølgingsmøte med emneansvarlege og representantar for referansegruppene for å sjå til at framdrift og retning er målretta
    • jamleg evaluere heilskapen og enkeltemna i programmet
    • setje i gong undervegsevaluering kvart semester og gjennomføre ein sluttevaluering av programmet kvart år
    • gjennomføre ein meir omfattande evaluering av programmet kvart xx år
  • følgje med i fordelinga av karakterane over tid innafor studieprogrammet og setje inn tiltak dersom det er naudsynt.
  • på grunnlag av evalueringane gjennomføre forbetringstiltak innafor det området dei har ansvar for og elles foreslå forbetringstiltak ovafor leiinga ved det aktuelle instituttet og fakultetet
  • rapportere utførte aktivitetar for kvalitetssikring ut frå dei krava kvalitetssystemet sett
Aktuelle lenkjer:
Kvalitetssikring av undervisning og læring ved NTNU
Revisjon av eksisterande studieprogram
Utvikle nye studieprogram
Undervegsevaluering av program
Sluttevaluering av program
Nettbasert spørjeskjemaverktøy
Mal for årsrapporten frå program
Rettleiing for årsrapporten frå program
Rapport om utførd kvalitetssikring
(Til Toppen)

Instituttleiar

Instituttleiaren har ansvar for den faglege og pedagogiske standarden på emna ved instituttet. Instituttleiaren skal stimulere til og leggje forholda til rette for kontinuerleg kvalitetsforbetring ved at rutinane vert følgde og evalueringane følgde opp med tiltak.

Instituttleiaren skal

  • stimulere til fagleg og pedagogisk fornying i emneporteføljen
  • setje kvalitetsutvikling på dagsorden i leiarmøtet ved instituttet
  • sjå til at kvart emne har ein emneansvarleg
  • skaffe ressursar til emna og i samarbeid med programleiar og emneansvarleg sjå til at opplegget er i tråd med ressursane dei rår over
  • sjå til at emna er tilpassa behovet programma har
  • sjå til at planlegging og gjennomføring av undervisning og eksamen er i tråd med intensjonane i kvalitetssystemet
  • leggje forholda til rette for at staben får naudsynt fagleg og pedagogisk kompetanseutvikling
  • sjå til at emna vert systematisk evaluerte
  • følgje med i karaktersettinga ved instituttet både over tid og ut frå nasjonale normer (sjå og nasjonale referansepanel) og setje i verk tiltak dersom det er naudsynt
  • halde møte med emneansvarlege for å drøfte forbetringstiltak ut frå evalueringsrapportar og annan informasjon
  • følgje opp tiltaka ovafor rett instans og i eigna prosessar
  • lønne godt undervisningsarbeid
Aktuelle lenkjer:
Kvalitetssikring av undervisning og læring ved NTNU
Planleggje undervisning, vurdering og evaluering
Undervegsevaluering av emne
Sluttevaluering av emne
Nettbasert spørjeskjemaverktøy
Mal for årsrapporten frå instituttet
Rettleiing for årsrapporten frå instituttet
Statistikk frå FS
Rapport om utført kvalitetssikring
(Til Toppen)

Emneansvarleg

Emneansvarleg vert peika ut av instituttleiaren og har til oppgåve å planleggje og gjennomføre undervisning og vurdering ut frå læringsmåla for emnet. Dessutan skal emneansvarleg skape god fagleg, praktisk og administrativ koordinering og heilskap.

Emneansvarleg skal

  • kvalitetssikre og -forbetre emna i tråd med prinsippa i kvalitetssystemet
  • melde inn ressursbehov til instituttleiinga og fordele tildelte ressursar
  • melde inn behov for undervisningsmateriell, utstyr, infrastruktur osb. til institutt, bibliotek, bokhandel, teknisk avdeling o.a.
  • utarbeide semesterplan med grunnlag i læringsmåla, presentere arbeidsmåtar, undervisningsaktivitetar og eventuelle oppgåver og prosjekter som skal gjennomførast i løpet av semesteret
  • samankalle lærarane på emnet for å planleggje undervisning, evaluering og vurdering
  • gjere semesterplan og forbetringstiltak kjende for studentane i læringsstøttesystemet (f eks it's:learning)
  • vere til stades på møte som programleiinga har der kvalitet og forbetringstiltak er sett på dagsorden
  • ta initiativ til å opprette referansegruppe for emnet når semesteret startar og innkalle referansegruppa minst 3 gonger i løpet av semesteret
  • sjå til at oppgåvene som legg grunnlaget for karaktersettinga er i tråd med læringsmåla og at dei er kvalitetssikra
  • leggje forholda til rette for ein forsvarleg vurdering av prestasjonane til studentane og for ei sensurering i tråd med nasjonale normer
  • evaluere undervisning og læring undervegs, og saman med referansegruppa oppsummere status og gjennomføre eller foreslå tiltak for det aktuelle semesteret og neste gong emnet vert undervist
  • drøfte resultata frå evalueringane og forbetringstiltak med instituttleiar
  • rapportere utførde aktivitetar for kvalitetssikring ut frå krava i kvalitetssystemet
Aktuelle lenkjer:
Planleggje undervisning, vurdering og evaluering
Mal for semesterplan
Sjekkliste semesterplan
Rettleiing semesterplan
Gjennomføre undervisning
Nettbasert spørjeskjemaverktøy
Underveisevaluering av emne
Sluttevaluering av emne
Statistikk frå FS
Rettleiing om sensurrettleiing
Retningsliner for bruk av sensor (teknologi)
Retningsliner for bruk av karakterskalaen
Rapport om utførd kvalitetssikring
(Til Toppen)

Faglærarane

Dersom fleire faglærarar deler undervisninga i eit emne, dannar dei ei prosjektgruppe som vert leia av emneansvarleg.

Faglærarane

  • er med på møte som emneansvarleg kallar inn når dei skal planleggje og gjennomføre undervisning og eksamen og evaluere undervisninga med oppfølging
  • skal på eiget initiativ ta opp med emneansvarleg faglege, pedagogiske og praktiske forhold som kan forbetre kvaliteten på emnet
Aktuelle lenkjer:
Planleggje undervisning, vurdering og evaluering
Mal for semesterplan
Sjekkliste semesterplan
Rettleiing semesterplan
Gjennomføre undervisning
Underveisevaluering av emne
Sluttevaluering av emne
Statistikk frå FS
(Til Toppen)

Studentane - referansegrupper

Det er venta at studentane skal trekkjast inn og delta aktivt i evaluering av emne og program og i drøftingar etterpå for å komme fram til eigna forbetringstiltak.

På emnenivå
vert det gjort ved at emneansvarleg drøfter kvaliteten på undervisninga og læringsarbeidet med studentane minst 3 gonger i løpet av semesteret: i starten for å gå gjennom semesterplan og evalueringsopplegg, når det er evaluering midtvegs og når emnet skal sluttevaluerast. Det er viktig at ein drøfter forbetringstiltak både for det aktuelle semesteret og for neste gong det skal gjennomførast. Evalueringsrapport med forslag til forbetringstiltak skal leggjast på it's:learning og gjerast kjend for neste kull studentar på emnet.
Referansegrupper:
I fag med mange studentar er det eit krav at dei sit i referansegrupper for kvart enkelt emne. Gruppa har 2-3 studentar som vert peika ut av studentane når semesteret startar, og i tillegg ansvarleg faglærar.
På programnivå:
Representantar for referansegruppene innafor eit program møter programleiinga på same måte for m.a. å vurdere den faglege, administrative og praktiske heilskapen i programmet. Også desse møta skal ha fokus på forbetringstiltak på kort og lang sikt.
Aktuelle lenkjer:
Om referansegrupper
Opprette referansegrupper
Døme på rutinar for bruk av referansegrupper
Underveisevaluering av emne
Sluttevaluering av emne
Framlegg til tema på møte for underveisevaluering av emne
Rapport sluttevaluering av emne
Undervegsevaluering av program
Sluttevaluering av program
Presentasjon av KVASS (video)
Om studentdemokrati mm (video)
(Til Toppen)
Utdanningskvalitet

Redaktør: Studiedirektøren, Kontaktadresse: dagfinn.refseth@ntnu.no