Reduser skriftstørrelsen Øk skriftstørrelsen

Om NVE

25.11.2008 | 16:52

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) vart grunnlagt 1921 og er underlagt Olje- og energi- departementet med ansvar for å forvalte vass- og energiressursane til landet.

Vassdragsdirektør Agnar Aas Foto: NVE Vassdragsdirektør Agnar Aas Foto: NVE

Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging

NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.

Direktoratet har og ei sentral rolle i vernebuinga mot flaum og leier den nasjonale kraftforsyningsvernebuinga.

NVE er engasjert i forskings- og utviklingsarbeid, internasjonalt utviklingssamarbeid og er nasjonal faginstitusjon for hydrologi.

NVE har hovudkontor i Oslo og regionkontor i Tønsberg, Hamar, Førde, Trondheim og Narvik.