Finansielle tenester
Finans‑ og forsikringsinstitusjonar
tilbyr ei rad produkt og tenester som er viktige og nødvendige i kvardagen vår og
for økonomien vår. Å kunne teikne livsforsikring , helseforsikring og forsikring
mot tap av formuesverdiar gir handlefridom og økonomisk tryggleik og sikrar
forbrukarar mot uventa økonomiske tap. Det er også avgjerande for folk å ha
høve til å opprette ein bankkonto og ta opp lån.
Det har vore ei stadig utvikling av
forsikrings‑ og finansprodukt, ikkje minst på bakgrunn av den
teknologiske utviklinga. Ein stor del av befolkninga har tilgang til
informasjons‑ og kommunikasjonsteknologi, og marknaden for nettbankar har
auka kraftig i dei siste åra. Samtidig har det skjedd ei omfattande
produktutvikling i form av meir samansette produkt. For forbrukaren kan
marknaden stundom vere uoversiktleg og krevjande.
Både på finansområdet og på
forsikringsområdet har det vore ei målsetjing å styrkje forbrukarvernet gjennom
ny lovgiving. Sentrale lover er finansavtalelova, kredittkjøpslova og
forsikringsavtalelova. Desse lovene høyrer inn under Justisdepartementet sitt
ansvarsområde.