Barne- og likestillingsdepartementet
Barne- og likestillingsdepartementet
Bokmål    Sámegiella    Lytt til teksten     Utskriftsvising  
Liknande dokument  

Krisesentra

Krisesentra gjev råd, støtte og rettleiing til personar som har vore utsette for mishandling, overgrep eller vald i heimen. I tillegg tilbyd krisesentra ofra og borna deira mellombels opphald på sentra.

Krisesentra er eit lågterskeltilbod, og skal vera opne for alle som treng dei, utan omsyn til verdi- eller livssyn. Sentra skal vera lett tilgjengelege for brukarane, også i økonomisk forstand, og skal drivast utan krav om at brukarane skal vera viste dit. Det er ikkje tillate å krevja betaling av dei som bur der utover ein mindre sum, som til dømes kan dekkja ekstra utgifter til mat. Brukarane har rett til å vera anonyme.

Det finnes 50 krisesentre. Kvart senter skal ha ein vertskommune. Senteret kan vera organisert av éin kommune eller av fleire kommunar i fellesskap eller av privatpersonar eller organisasjonar i nært samarbeid med éin eller fleire kommunar.

Det finnes og to valdtektssentre (DIXI ressurssenter), lokalisert i Oslo og Stavanger. Valdtektssentra gjev råd, støtte og rettleiing til personar som har vore utsette for valdtekt, og tilbyd dei mellom anna å vera med i sjølvhjelpsgrupper.

Statstilskot til krisesenter og valdtektssenter blir løyvde over budsjettet til Barne- og likestillingsdepartementet. Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet har forvaltningsansvaret for tilskotsordninga. Tilskot frå kommunar, og eventuelt frå fylkeskommunar og helseføretak, skal til saman dekkja 20 prosent av driftsutgiftene og utløyser eit statleg tilskot på 80 prosent. Private gåver utløyser ikkje statstilskot.

Dei fleste krisesentra er organiserte i Krisesentersekretariatet eller i Norsk krisesenterforbund.