Samferdselsdepartementet
Samferdselsdepartementet
Bokmål    Sámegiella    Lytt til teksten     Utskriftsvising  
Liknande dokument  

Illustrasjon: vintervegTransportsamarbeid i Barentsregionen

Barentssamarbeidet blei etablert i 1993 og skal styrke grenseoverskridande kontakt og problemløysing og fremje berekraftig utvikling i Barentsregionen. Samferdselsdepartementet har det overordna ansvaret for Noregs medverknad i Barentssamarbeidet når det gjeld transport.

Barentsregionen har ein befolkningsstruktur og eit næringsliv som er lokalisert til eit fåtal sentrale område, med lange avstandar og ofte dårleg utvikla kommunikasjonar. Transportinfrastrukturen er utvikla ut frå nasjonale behov, og er mindre egna til å fremje kommunikasjonar på tvers av grensene.

Barents Euro-Arctic Pan-European Transport Area (BEATA) blei i 1997 etablert som ei ramme omkring transportsamarbeidet i regionen. BEATA skal bidra til å utvikle eit effektivt transportsystem som legg til rette for auka mobilitet på tvers av grensene i Barentsregionen.

I BEATA deltar Norge, Finland, Sverige, Russland og EU-kommisjonen. Den regionale kommunikasjonsarbeidsgruppa, som består av samferdselssjefane i dei nordlegaste fylka i Noreg, Finland, Sverige og Russland, deltar som observatørar. Noreg, ved Samferdselsdepartementet, har formannskapet i perioden 2003-2005. Arbeidet i BEATAs styringsgruppe skjer i samhøve med eit fastlagt handlingsprogram.

Meir om transportsamarbeidet i Barentsregionen finn du her:
www.barentsinfo.org
www.barentsinfo.fi/beata
www.barentsinfo.fi/stbr

Meir om Barentssamarbeidet finn du her:
www.beac.st
www.odin.dep.no/europaportalen
www.barentsinfo.org