Samferdselsdepartementet
Samferdselsdepartementet
Bokmål    Sámegiella    Lytt til teksten     Utskriftsvising  
Liknande dokument  



Luftfart

På desse sidene finn du informasjon som gjeld luftfart.

Strategi for norsk luftfart

Samferdselsdepartementet er i ferd med å utarbeide ein strategi for norsk luftfart. Bakgrunnen for strategien er den uroa som i lengre tid har råka norsk luftfart. Formålet med strategien er å gi ein oversikt over situasjonen i norsk luftfart og vurdere kva tiltak styresmaktene eventuelt bør setje i verk. Strategiarbeidet vil skje i ein arbeidsgruppe under leiing av Samferdselsdepartementet og med deltaking av ei lang rekkje andre berørte departement. I utarbeidinga av strategien vil det òg vere naturleg å trekkje inn ikkje-statlege aktørar. Resultata vil bli dokumentert i ein rapport frå Samferdselsdepartementet, som etter planen vil bli lagt fram i løpet av første halvår 2007.