Finansdepartementet skal leggje forholda til rette for ein stabil og effektiv finansmarknad for betaling og kapitalallokering. Solide og effektive finansinstitusjonar og finansmarknader er ein føresetnad for å nå dei overordna måla i den økonomiske politikken.
Finansmarknaden i Noreg har sidan byrjinga av 1980-talet gjennomgått store endringar. Det har skjett store strukturendringar ved at ulike typar institusjonar innan finansnæringa i større grad konkurrerer om dei same kundane. Samtidig er finansmarknadene i større grad enn tidlegare blitt internasjonalisert. Desse omveltingane har forsterka behovet for tilrettelegging av finansnæringa sine rammevilkår i form av lover og forskrifter. Sidene gir ei oversikt over dei mest sentrale lovene som gjeld den offentlege reguleringa av finansmarknadene og ei oversikt over delegasjonar frå Finansdepartementet til Kredittilsynet.