Regjeringa sitt forslag til statsbudsjett for komande år blir lagt fram for Stortinget om hausten, Finansdepartementet startar arbeidet med budsjettet omkring eitt år før. Regjeringa held sin fyrste budsjettkonferanse omkring eit halvt år før framlegginga.
Budsjettforslaget blir lagt fram i fleire forskjellige dokument. Stortingsmelding nr. 1 er nasjonalbudsjettet, der Regjeringa gir ei oversikt over samfunnsøkonomien og grunngir prioriteringane og budsjettforslaga sine. Stortingsproposisjon nr. 1, Gul bok, inneheld ei samla framstilling av Regjeringa sitt forslag til budsjettvedtak. I forslaget til vedtak blir det samla statsbudsjettet fordelt på kapittel og postar etter departement. Detaljane kjem i fagproposisjonane for kvart departement.
Finansdepartementet har laga ein eigen portal som gjer det lettare å navigere i budsjettdokumenta og dei viktigaste prioriteringane i Regjeringa sitt forslag.