Proposisjonar og meldingar

Proposisjonar og meldingar er dokument som vert lagt fram for Stortinget. Dokumenta vert laga av departementa og er utforma som tilrådingar om kva Stortinget bør vedta.

Stortingsmelding (St.meld.) vert nytta når regjeringa vil presentere saker for Stortinget som ikkje er knytt til forslag om lov- eller plenarvedtak. Stortingsmeldingar har ofte karakter av å vere ein rapport til Stortinget om arbeid som er gjort på eit spesielt felt, eller drøfting av framtidig politikk. Meldingane, og behandlinga i Stortinget, dannar ofte grunnlag for ein seinare proposisjon.

Stortingsproposisjon (St.prp.) vert nytta når regjeringa ber Stortinget om å fatte vedtak som ikkje er lovvedtak. Det kan gjelde forslag knytt til statsbudsjettet, eller andre forslag til vedtak. Stortingsproposisjonane vert behandla av eit samla Storting.

Odelstingsproposisjon (Ot.prp.) vert nytta når regjeringa foreslår nye lover eller oppheving eller endring av eksisterande lover. Ved behandling av lovsaker deler Stortinget seg i Odelsting og Lagting.


Odelstingsmelding (Ot.meld.) vert nytta når regjeringa vil vende seg til Odelstinget utan å foreslå lovendring. Til dømes vert ein odelstingsproposisjon som er overlevert til Odelstinget, kalla attende gjennom ei odelstingsmelding. Odelstingsmeldingar vert sjeldan fremja.

Rediger innhold for webdel