Lenke til Stortingets hovedside  

B.innst.S.nr.2 (1993-1994)
Innstilling fra familie-, kultur- og administrasjonskomiteen om bevilgninger på statsbudsjettet for 1994 vedkommende Finans- og tolldepartementet, Kulturdepartementet, Sosial- og helsedepartementet, Barne- og familiedepartementet og Administrasjonsdepartementet.


oversikt første" forrige

VEDLEGG: Brev fra Kulturdepartementet v/statsråden til Høgres stortingsgruppe, datert 17. november 1993.

Statsbudsjettet for 1994 - Gebyr for registrering av videogram

       Vi viser til Dykkar brev av 15. november 1993.

       Norsk videogramforening peikar i sitt brev av 10. november 1993 på at dersom gebyrsatsen for merking av videogram blir sett til kr 2 pr. kassett, vil inntektene dekkje utgiftene ved registreringsordninga.

       Kulturdepartementet har i St.prp. nr. 1 (1993-1994) lagt til grunn talmateriale som vart utarbeidd av Statens filmtilsyn i det førebuande arbeidet med statsbudsjettet for 1994. På denne bakgrunnen vart utgiftsnivået ved videogramregistreringa utrekna til 3,1 mill. kroner. Inntektene ved ein gebyrsats på kr 3 vart utrekna til 3,375 mill. kroner.

       Nye opplysningar frå Statens filmtilsyn syner at det pr. tredje kvartal 1993 er registrert 1.220.000 kopiar av videogram. Med eit gebyr på kr 2 vil dette gi ei inntekt på om lag 3,25 mill. kroner.

       Ut frå det talmaterialet som Statens filmtilsyn og Norsk videogramforening no har lagt fram, reknar Kulturdepartementet med at ein gebyrsats på kr 2 for sals- og leigekassettar vil kunne dekkje inn dei venta inntektene og samstundes dekkje utgiftene ved registrering av videogram ved Statens filmtilsyn.



oversikt første" forrige


Sist oppdatert 7. nov 2005 av Stortingets administrasjon