|
Trygdeavgift skal svarast etter tre ulike satsar, som skifter etter kva slag inntekt det gjeld. Særfrådrag og klassefrådrag vert ikkje gitt i grunnlaget for trygdeavgifta.
Stortinget vert for 1996 tilrådd å fastsetje følgjande tre satsar for trygdeavgifter: Ein låg sats på 3,0 %, ein mellomsats på 7,8 % og ein høg sats på 10,7 %. Etter framlegget er satsane for trygdeavgifta ikkje endra frå 1995 til 1996.
Den låge satsen på 3,0 % (pensjonssatsen) gjeld pensjonar, kår i jord- og skogbruk og livrenter i arbeidstilhøve. Denne satsen gjeld og for arbeids- og næringsinntekt som personar under 17 år eller over 69 år har. Dette heng saman med at desse aldersgruppene ikkje får pensjonspoeng sjølv om dei har arbeids- eller næringsinntekt.
Mellomsatsen på 7,8 % (lønssatsen) gjeld pensjonsgjevande lønsinntekter inn under mellomsatsen. For det første gjeld det personinntekt frå næring som overstig 12 gonger grunnbeløpet i folketrygda. For det andre inntekt frå jordbruk, skogbruk og fiske, og frå fangst av sel og kval. Skilnaden mellom høg sats og mellomsats på slike næringsinntekter vert dekt dels gjennom jordbruksoppgjeret, dels gjennom produktavgift. For det tredje gjeld mellomsatsen for næringsinntekt ved pass og stell av barn som ikkje har fylt 12 år i inntektsåret, eller som har særleg bruk for omsorg og pleie, når passet skjer i heimen til barnepassaren (dagmamma).
Den høge satsen på 10,7 % (næringssatsen) gjeld anna pensjonsgjevande næringsinntekt (personinntekt). Den høge satsen heng m.a. saman med at det ikkje er arbeidsgivaravgift på næringsinntekt.
Komiteen sluttar seg til framlegget frå Regjeringa til § 1 Trygdeavgift.
Komiteen sluttar seg på denne bakgrunnen til framlegget frå Regjeringa til løyving under kap. 5700 Folketrygdens inntekter, post 71 Folketrygdavgift.
Arbeidsgivaravgift blir fastsett med ulike satsar etter avgiftssoner. Følgjande satsar for arbeidsgivaravgifta vart fastsett av Stortinget for 1995:
14,1 % i sone I, 10,6 % i sone II, 6,4 % i sone III, 5,1 % i sone IV og 0 % i sone V.
Regjeringa gjer ikkje framlegg om endringar for 1996 i høve til satsane og dei praktiserte soneinndelingane i 1995. Nokre redaksjonelle endringar er lagt inn for å gjere avgiftsvedtaket meir oversiktleg.
I tillegg til den alminnelege arbeidsgivaravgifta, har det frå og med 1993 blitt rekna ei ekstra arbeidsgivaravgift på særleg høge løner m.v. Når ein arbeidstakar tek imot ytingar frå same arbeidsgivar på meir enn 16 gonger grunnbeløpet i folketrygda, skal det i tillegg til dei ordinære satsane nemnd ovanfor reknast ei særleg arbeidsgivaravgift etter ein sats på 10 % på det overskytande. Ved endring av grunnbeløpet i året er det etter vanlege reglar gjennomsnittet som vert lagt til grunn for innslagsgrensa.
Ein rår Stortinget til å fastsetja same sats og innslagsgrense for den særlege arbeidsgivaravgifta for 1996.
Fleirtalet i komiteen, alle unnateke
medlemmen frå Venstre og representanten Stephen Bråthen, sluttar seg til
framlegget frå Regjeringa til § 2 Arbeidsgiveravgift.
Fleirtalet i komiteen, alle unnateke
medlemmene frå Kristeleg Folkeparti, Venstre og representanten Stephen
Bråthen, sluttar seg til framlegget frå Regjeringa til løyving under kap.
5700 Folketrygdens inntekter, post 72 Arbeidsgiveravgift.
Komiteens medlemmer fra Kristelig Folkeparti viser til de mange negative sosiale virkninger av langvarig ledighet. Ledighet over lang tid påvirker evnen og motivasjonen til å ta fatt i arbeidslivet når muligheten dukker opp. Gjennom en reduksjon av arbeidsgiveravgiften for ungdom under 25 år på 3 %, gis det stimulans til å bedre sysselsettingssituasjonen for en gruppe som har et særlig behov for arbeidslivserfaring.
Disse medlemmer fremmer følgende
forslag:
« Arbeidsgiveravgiften for ungdom under
25 år blir å redusere med 3 prosentpoeng fra 1. august 1996. »
Disse medlemmer fremmer på denne
bakgrunn følgende bevilgningsforslag:
Kap. 5700 | Folketrygdens inntekter |
| 72 | Arbeidsgiveravgift, reduseres med kr 312.000.000 | og bevilges med | kr 49.688.000.000 |
Komitémedlemmen frå Venstre tek opp
følgjande forslag:
« Stortingets vedtak om fastsetjing av avgifter o.a. til folketrygda for 1996, § 2 Arbeidsgivaravgift, bokstavane b) til e) skal lyde:
| b) | Når arbeidstakaren i 1995 er skattepliktig som nemnd i a første ledd til ein kommune i Troms fylke som ikkje er blant dei nemnde i a første ledd, eller til ein kommune i Nordland fylke, eller til kommunane Flatanger, Fosnes, Grong, Høylandet, Leka, Lierne, Namsos, Namdalseid, Namsskogan, Nærøy, Overhalla, Røyrvik og Vikna i Nord-Trøndelag fylke (sone IV): 4 % |
| c) | Når arbeidstakaren i 1995 er skattepliktig som nemnd i a første ledd til ein kommune som går inn under § 1 nr. 2 i forskrifter om avgrensning av det geografiske verkeområdet for dei distriktspolitiske verkemidla, fastsett ved kgl. res. av 23. oktober 1992, med unntak av kommune som nemnd under a og b ovanfor (sone III): 5 % |
| d) | Når arbeidstakaren i 1995 er skattepliktig som nemnd i a første ledd til ein kommune som er peika ut av Kommunaldepartementet i særskilt vedtak eller som går inn under § 1 nr. 3 i kgl. res. av 23. oktober 1992 (sone II): 8,5 % |
| e) | Elles
(sone I) skal satsen vera 10 %. Denne satsen skal leggjast til grunn for arbeidsgivaravgift
fastsett i kongeleg resolusjon med heimel nedanfor i II, og arbeidsgivaravgift
for statsforvaltninga etter reglane i folketrygdlova § 17-4 tredje ledd.»
|
Denne medlemmen tek opp følgjande
forslag til løyving:
Kap. 5700 | Folketrygdens inntekter |
| 72 | Arbeidsgiveravgift, reduseres med kr 7.600.000.000 | og bevilges med | kr 42.400.000.000 |
Komiteeens medlem, representanten
Stephen Bråthen, tar opp følgende forslag til nr. 2 e i vedtak om
arbeidsgiveravgift:
« Stortingets vedtak om fastsetjing av avgifter o.a. til folketrygda for 1996, § 2 bokstav e, skal lyde:
Elles (sone I) skal satsen vera 12,3
% »
Dette medlem fremmer på denne bakgrunn
følgende bevilgningsforslag:
Kap. 5700 | Folketrygdens inntekter |
| 72 | Arbeidsgiveravgift, reduseres med kr 4.800.000.000 | og bevilges med | kr 45.200.000.000 |
Etter lovvedtaket av 9. januar 1987 pliktar kommunane å svara ei avgift til folketrygda på den samla pensjonsgjevande inntekta i kommunen. Stortinget skal fastsetja avgiftssatsen i samband med dei årlege avgiftsvedtaka.
Frå inntektsåret 1988 skal ei liknande avgift til folketrygda òg svarast av fylkeskommunane, jf. lovvedtak av 18. desember 1987. Stortinget skal òg fastsetja denne avgiftssatsen i samband med dei årlege avgiftsvedtaka.
Som for dei fire siste åra gjer Regjeringa for 1996 framlegg om at kommunar og fylkeskommunar ikkje skal svara avgift til folketrygda. Etter framlegget vert satsane såleis sett til 0 %.
Komiteen sluttar seg til framlegget frå Regjeringa til § 3 Tilskot frå kommunane og fylkeskommunane som nemnd i folketrygdlova § 16-4 første ledd.
Samandrag
Som tidlegare gjer Finansdepartementet
framlegg om at Kongen skal ha fullmakt til å gje eigne reglar om grunnlaget
og satsane for folketrygdavgiftene for visse grupper av dei trygda, jf. § 4
i utkastet til avgiftsvedtak.
Merknader frå komiteen
Komiteen sluttar seg til framlegget frå Regjeringa til § 4 Forskriftsfullmakt.
Forslag 23
Arbeidsgiveravgiften for ungdom under
25 år blir å redusere med 3 prosentpoeng fra 1. august 1996.
Forslag 24
Kap. 5700 | Folketrygdens inntekter |
| 72 | Arbeidsgiveravgift, reduseres med kr 312.000.000 | og bevilges med | kr 49.688.000.000 |
Forslag 25
Stortingets vedtak om fastsetjing av avgifter o.a. til folketrygda for 1996, § 2 Arbeidsgivaravgift, bokstavane b) til e) skal lyde:
| b) | Når arbeidstakaren i 1995 er skattepliktig som nemnd i a første ledd til ein kommune i Troms fylke som ikkje er blant dei nemnde i a første ledd, eller til ein kommune i Nordland fylke, eller til kommunane Flatanger, Fosnes, Grong, Høylandet, Leka, Lierne, Namsos, Namdalseid, Namsskogan, Nærøy, Overhalla, Røyrvik og Vikna i Nord-Trøndelag fylke (sone IV): 4 % |
| c) | Når arbeidstakaren i 1995 er skattepliktig som nemnd i a første ledd til ein kommune som går inn under § 1 nr. 2 i forskrifter om avgrensning av det geografiske verkeområdet for dei distriktspolitiske verkemidla, fastsett ved kgl. res. av 23. oktober 1992, med unntak av kommune som nemnd under a og b ovanfor (sone III): 5 % |
| d) | Når arbeidstakaren i 1995 er skattepliktig som nemnd i a første ledd til ein kommune som er peika ut av Kommunaldepartementet i særskilt vedtak eller som går inn under § 1 nr. 3 i kgl. res. av 23. oktober 1992 (sone II): 8,5 % |
| e) | Elles
(sone I) skal satsen vera 10 %. Denne satsen skal leggjast til grunn for arbeidsgivaravgift
fastsett i kongeleg resolusjon med heimel nedanfor i II, og arbeidsgivaravgift
for statsforvaltninga etter reglane i folketrygdlova § 17-4 tredje ledd. |
Forslag 26
Kap. 5700 | Folketrygdens inntekter |
| 72 | Arbeidsgiveravgift, reduseres med kr 7.600.000.000 | og bevilges med | kr 42.400.000.000 |
Forslag 27
Stortingets vedtak om fastsetjing av avgifter o.a. til folketrygda for 1996, § 2 bokstav e, skal lyde:
Elles (sone I) skal satsen vera 12,3 %
Forslag 28
Kap. 5700 | Folketrygdens inntekter |
| 72 | Arbeidsgiveravgift, reduseres med kr 4.800.000.000 | og bevilges med | kr 45.200.000.000 |
Komiteen viser til proposisjonen og
til det som står framanfor og rår Stortinget til å gjere slikt
Med heimel i lov om folketrygd § 16-1 vert fastsett:
For året 1996 skal folketrygdavgiftene svarast etter følgjande satsar:
§ 1. Trygdeavgift
| a) | Av pensjon, kår og livrente, og av lønsinntekt og anna personinntekt for skattytar under 17 år og over 69 år, som nemnd i folketrygdlova § 16-2 andre leden bokstav a: 3,0 % |
| b) | Av lønsinntekt og anna personinntekt som nemnd i folketrygdlova § 16-2 andre leden bokstav b: 7,8 % |
| c) | Av næringsinntekt og anna personinntekt som nemnd i folketrygdlova § 16-2 andre leden bokstav c: 10,7 % |
Avgift av næringsinntekt (anna ervervsinntekt) i jord- og skogbruk over 7,8 % av inntekta skal dekkjast med tilskot knytta til jordbruksoppgjeret.
Næringsinntekt er i denne samanhengen
inntekt som nemnd i føresegner gitt av Finansdepartementet 5. oktober 1970
om levering av årsoppgåve og om avgiftsfrie uttak i jordbruk med
attåtnæringar og skogbruk.
§ 2. Arbeidsgivaravgift
| a) | Når arbeidstakaren i inntektsåret 1996 er skattepliktig etter skattelova § 24 til ein kommune i sone V: 0,0 %. Denne sona omfattar: |
| - | i Finnmark fylke, alle kommunar, |
| - | i Troms fylke, kommunane Karlsøy, Kvænangen, Kåfjord, Lyngen, Nordreisa, Skjervøy og Storfjord. |
| Same satsen skal nyttast for arbeidsgivaravgift av inntekt som vert skattlagd etter lov av 15. juli 1925 om skatt til Svalbard på formue og inntekt. |
| b) | Når arbeidstakaren i inntektsåret 1996 er skattepliktig etter skattelova § 24 til ein kommune i sone IV: 5,1 %. Denne sona omfattar: |
| - | i Troms fylke, dei kommunar som ikkje er blant dei nemnde i a første ledd, |
| - | i Nordland fylke, alle kommunar, |
| - | i Nord-Trøndelag fylke, kommunane Flatanger, Fosnes, Grong, Høylandet, Leka, Lierne, Namdalseid, Namsskogan, Namsos, Nærøy, Overhalla, Røyrvik og Vikna. |
| c) | Når arbeidstakaren i inntektsåret 1996 er skattepliktig etter skattelova § 24 til ein kommune i sone III: 6,4 %. Denne sona omfattar: |
| - | i Sør-Trøndelag fylke, kommunane Frøya, Hitra, Osen, Roan og Åfjord, |
| - | i Møre og Romsdal fylke, kommunen Smøla. d) Når arbeidstakaren i inntektsåret 1996 er skattepliktig etter skattelova § 24 til ein kommune i sone II: 10,6 %. Denne sona omfattar: |
| - | i Nord-Trøndelag fylke, kommunane Frosta, Leksvik, Meråker, Mosvik, Snåsa og Verran, |
| - | i Sør-Trøndelag fylke, kommunane Agdenes, Bjugn, Hemne, Holtålen, Meldal, Midtre Gauldal, Oppdal, Rennebu, Rissa, Røros, Selbu, Snillfjord, Tydal og Ørland, |
| - | i Møre og Romsdal fylke, kommunane Aukra, Aure, Eide, Gjemnes, Halsa, Haram, Herøy, Midsund, Nesset, Norddal, Rauma, Rindal, Sande, Sandøy, Stordal, Stranda, Sunndal, Surnadal, Tingvoll, Tustna, Vanylven, Volda og Ørsta, |
| - | i Sogn og Fjordane fylke, alle kommunar, |
| - | i Hordaland fylke, kommunane Austevoll, Austrheim, Bømlo, Eidfjord, Etne, Fedje, Fusa, Granvin, Jondal, Kvam, Kvinnherad, Lindås, Masfjorden, Meland, Modalen, Odda, Osterøy, Radøy, Samnanger, Tysnes, Ullensvang, Ulvik, Vaksdal og Ølen, |
| - | i Rogaland fylke, kommunane Bokn, Finnøy, Forsand, Hjelmeland, Kvitsøy, Sauda, Suldal, Vindafjord og Utsira, |
| - | i Vest-Agder fylke, kommunane Audnedal, Hægebostad, Sirdal og Åseral, |
| - | i Aust-Agder fylke, kommunane Bygland, Bykle, Evje og Hornnes, Gjerstad, Iveland, Valle, Vegårshei og Åmli, |
| - | i Telemark fylke, kommunane Drangedal, Fyresdal, Hjartdal, Kvitseid, Nissedal, Nome, Notodden, Seljord, Tinn, Tokke og Vinje, |
| - | i Buskerud fylke, kommunane Flå, Gol, Hemsedal, Hol, Nes, Nore og Uvdal, Rollag og Ål, |
| - | i Oppland fylke, kommunane Dovre, Etnedal, Gausdal, Lesja, Lom, Nord- Aurdal, Nord-Fron, Nordre Land, Ringebu, Sel, Skjåk, Søndre Land, Sør- Aurdal, Sør-Fron, Vestre Slidre, Vågå, Vang og Øystre Slidre, |
| - | i Hedmark fylke, kommunane Alvdal, Eidskog, Engerdal, Folldal, Grue, Nord-Odal, Os, Rendalen, Stor-Elvdal, Tolga, Trysil, Tynset, Våler, Åmot og Åsnes. |
| e) | Elles skal satsen vere 14,1 %. Dette øvrige området vert kalla sone I. |
| Denne satsen skal leggjast til grunn for arbeidsgivaravgift fastsett i kongeleg resolusjon med heimel nedanfor i § 4, og arbeidsgivaravgift for statsforvaltninga etter reglane i folketrygdlova § 17-4 tredje leden. |
| f) | Når
arbeidstakar nemnd under bokstav a-e frå same arbeidsgivar tek imot ytingar i
1996 på meir enn 16 gonger grunnbeløpet i folketrygda, skal det i tillegg til
satsane nemnd ovanfor reknast ei særleg avgift etter ein sats på 10,0 % på det
overskytande. |
§ 3. Tilskot frå kommunane og fylkeskom- munane som nemnd i folketrygdlova § 16-4 første ledd
| a) | I kommunar: 0,0 % |
| b) | I
fylkeskommunar: 0,0 % |
§ 4. Forskriftsfullmakt
Kongen gir reglar om grunnlag og satsar for avgifta etter § 16-1 nr. 1 for visse grupper av trygdetakarar, og om andre avgifter og tilkost for trygdetakarar som går inn under folketrygdlova §§ 1-2 nr. 2, 1-3 andre leden og 1-4.
Komiteen viser til tilråding frå komiteen til skattevedtak. I samsvar med forslaget vert det ført opp 37.400 mill. kroner under kap. 5700 post 71 og 50.000 mill. kroner under kap. 5700 post 72 for 1996.
Komiteen rår Stortinget til å gjere
slikt
På statsbudsjettet for 1996 bevilges
under:
| Kap. 5700 | Folketrygdens inntekter: | ||||
| 71 Trygdeavgift | kr | 37.400.000.000 | |||
| 72 Arbeidsgiveravgift | kr | 50.000.000.000 | kr | 87.400.000.000 |