Lenke til Stortingets hovedside  

B.innst.S.nr.1 (1995-1996)
Innstilling fra finanskomiteen om:


oversikt første" forrige

H. Om produktavgifta i fiskerinæringa

Samandrag

       Frå 1968 har det vore ei særleg produktavgift i fiskerinæringa. Avgifta gjeld òg for sel- og kvalfangarar. Det er lagt avgift på førstehandsomsetjinga av fisk, kval og sel, og produkt av desse. I 1995 har avgifta vore 3,4 %

       Produktavgifta skal dekkje skilnaden mellom høg sats og mellomsats for trygdeavgifta, ettersom næringsdrivande i fiskerinæringa i motsetnad til næringsdrivande utanfor primærnæringane ikkje vert pålagde trygdeavgift med høg sats. Etter framlegget for 1996 er skilnaden mellom høg sats og mellomsats 2,9 % av inntekta. Vidare skal produktavgifta dekkje arbeidsgivaravgift på hyre, rein kollektiv medlemspremie til yrkesskadetrygd (0,2 % av inntekta), dei faktiske utgiftene folketrygda har i samband med frivillig tilleggstrygd for sjukepengar, samt utgifter i samband med stønad til arbeidslause i næringa.

       Reglar om utrekning og innbetaling av produktavgift er gitt ved forskrift av 14. mai 1993.

       Fiskeridepartementet har i brev av 12. september 1995, jf. utdrag referert i proposisjonen, tilrådd at avgiftssatsen for produktavgift vert fastsett til 3 % i 1996.

       Finansdepartementet sluttar seg til dette, og gjer framlegg om at avgiftssatsen for produktavgift vert fastsett til 3 % i 1996.

Merknader frå komiteen

       Komiteen sluttar seg til framlegget frå Regjeringa om å fastsetje produktavgifta til 3 % i 1996.

Tilråding frå komiteen til skattevedtak

       Komiteen viser til proposisjonen og til det som står framanfor og rår Stortinget til å gjere slikt

vedtak:

Om produktavgift til folketrygda for fiskeri-, kval- og selfangstnæringa for 1996

       Med heimel i folketrygdlova § 16-1 nr. 2 og 3 vert fastsett:

I.

       I 1996 skal følgjande avgifter til folketrygda dekkjast ved ei produktavgift på førstehandsomsetjinga av fisk, kval og sel, og produkt av desse:

1.Trygdeavgift over 7,8 % av pensjonsgivande inntekt frå fiske, kval- og selfangst i inntektsåret.
2.Arbeidsgivaravgift på hyre til mannskapet på fiske-, kval- og selfangstfarty.
3.Premie til kollektiv yrkesskadetrygd for fiskarar, kval- og selfangarar.
4.Avgift til dekkjing av dei utgiftene folketrygda har med stønad til arbeidslause fiskarar, kval- og selfangarar.
5.Avgift til dekkjing av dei utgiftene folketrygda har i samband med ordninga med frivillig tilleggstrygd for sjukepengar til manntalsførte fiskarar, kval- og selfangarar.

II.

       Produktavgifta skal vere 3 % for 1996.

       Avgift på omsetjing av råfisk, råfiskprodukt, kval- og kvalprodukt, vert kravd inn av godkjende salslag, jf. lov av 14. desember 1951 nr. 3 om omsetjing av råfisk § 3 .

       Kongen gir reglar om innkreving av produktavgifta i selfangstnæringa, jf. lov om folketrygd § 16-1 nr. 2 andre punktum.

Oslo, i finanskomiteen, den 29. oktober 1995.

Karl Eirik Schjøtt-Pedersen, Reidar Sandal, Per-Kristian Foss,
leiar. ordførar. sekretær.


oversikt første" forrige


Sist oppdatert 7. nov 2005 av Stortingets administrasjon