|
Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Vidar Bjørnstad, Astrid Marie Nistad, Jan Petter Rasmussen og Ane Sofie Tømmerås, frå Framstegspartiet, Jan Simonsen og Jørn L Stang, frå Kristeleg Folkeparti, Finn Kristian Marthinsen og se Wisløff Nilssen, frå Høgre, leiaren Kristin Krohn Devold og Bjørn Hernæs, og frå Senterpartiet, Tor Nymo, meiner det er viktig med internasjonalt samarbeid for å motarbeide korrupsjon og bruk av stikkpengar, og er einig med departementet i at OECD-konvensjonen bør ratifiserast så snart som mogleg.
Komiteen har merka seg at konvensjonen rettar seg mot alle utanlandske offentlege tenestemenn, og at dette omfattar alle som faktisk utøver styresmakt for eit anna land. Komiteen viser òg til at konvensjonen berre set minstkrav og ikkje er til hinder for at nasjonal lovgjeving har strengare reglar.
Når det gjeld fristen for forelding, viser komiteen til at det er ulike syn på dette blant høyringsinstansane, og at departementet førebels ikkje gjer framlegg til endringar i gjeldande to-års frist. Komiteen har merka seg at departementet likevel held spørsmålet ope, og vil vurdere spørsmålet igjen når det ligg føre ein generell strafferettsleg konvensjon innan Europarådet.