Lenke til Stortingets hovedside  

Innst.O.nr.46 (1998-1999)
Innstilling frå samferdselskomiteen om lov om endring i lov av 8. juni 1984 nr. 51 om havner og farvann m.v.


oversikt første forrige neste

Vedlegg 1.

Brev frå Fiskeridepartementet v/statsråden til samferdselskomiteen, datert 8. februar 1999.

Ot.prp.nr.33 (1998-1999) om lov om endring i lov av 8. juni 1984 om havner og farvann m.v.

       Fiskeridepartementet viser til telefaks frå Samferdselskomiteen av 2. februar 1999 kor følgjande spørsmål vert retta til departementet:

« Kan det gjevast ei nærare grunngjeving for at det no vert lagd fram eit eige forslag til endring i lov om hamner og farvatn når det likevel skal vere i gang eit arbeid med å gjennomgå heile loven? »

       Som det framgår av lovforslaget er Noreg forplikta til å tilpasse lovverket i samsvar med krava fastsett i rådsdirektiv 93/75/EØF om minimumskrav til fartøy som fører farleg og forureinande last.

       EU-kommisjonen har sett fristar for gjennomføring av naudsynte tilpassingar. I følgje EFTA sitt overvakingsorgan (ESA) bør ein unngå fristoverskridingar, då EU-kommisjonen i yttarste konsekvens vil kunne rekne dette som eit brot på EØS-avtalen. For å unngå å hamne i ein slik situasjon har Fiskeridepartementet derfor fremja ovanfor nemnde lovforslag no.

       Arbeidet med revisjon av hamne- og farvatnlova som komiteen viser til i telefaksen er under oppstart denne våren. Det må gjennomførast eit grunnleggjande arbeid med å samle inn relevant materiale og føreta andre førebuingar før departementet kan presentere ein Odelstingsproposisjon. Ei endring av hamne- og farvatnlova ligg i allfall eit par å fram i tid, og dei signala som Fiskeridepartementet har motteke frå ESA går ut på at ein ikkje kan tilrå å utsetje implementeringa av rådsdirektiv 93/75 i så lang tid.



oversikt første neste


Sist oppdatert 8. nov 2005 av Stortingets administrasjon