|
Fiskeridepartementet viser til
telefaks frå Samferdselskomiteen på Stortinget av 17. februar 1999 kor
følgjande spørsmål vert retta til departementet:
| - | «Når blei rådsdirektiv 93/75/EØF vedtatt og når blei det beslutta tatt inn i EØS-avtalen?» |
| - | « Kva
fristar har EU-kommisjonen sett for implementering/innpassing av direktivet? »
|
Rådsdirektiv 93/75/EØF vart vedteke av Rådet for det Europeiske Fellesskap den 13. september 1993, og er ein del av EØS-avtalen, jf. særskilt vedlegg 2 til St.prp. nr. 40 (1993-1994), bind 10a, side 334.
Det følgjer av art. 14 første ledd i direktivet at medlemsstatane skal vedta dei lover og forskrifter som er naudsynte innan eit år etter vedtakinga av direktivet, det vil seie innan 13. september 1994. Norsk lovverk oppfyller dei formelle krava i direktivet, med unntak for heimel til å påleggje båtføraren å fylle ut ei kontrolliste i samsvar med art. 8 første ledd. Lovforslaget - Ot.prp.nr.33 (1998-1999) - vil føre til at hamne- og farvatnlova også har heimel til påleggje båtføraren ei slik plikt.
EFTA sitt overvakingsorgan (ESA) kontakta Fiskeridepartementet ved brev av 16. desember 1997 og 27. mai 1998, der Noreg med heimel i art. 31 i avtale mellom EFTA-statane om oppretting av eit Overvakingsorgan og ein Domstol vart oppfordra til å føreta dei naudsynte endringane innan 3 månader, altså innan 16. mars 1998 og 27. august 1998. I sine svarbrev opplyste Fiskeridepartementet at det var naudsynt med ei lovendring, og at det derfor måtte fremjast eit lovforslag for Stortinget hausten 1998. Den 1. oktober 1998 fekk Fiskeridepartementet ei grunngitt uttale - reasoned opinion - frå ESA, kor siste frist for tilpassing av lovverket vart sett til 2. desember 1998. I svarbrevet frå Fiskeridepartementet blei det opplyst at lovforslaget ville bli lagd fram for Stortinget den 18. desember 1998, og at dette truleg ville bli vedteke tidleg i 1999.
Ovanfor nemnde korrespondanse med ESA gjeld manglande implementering av kommisjonsdirektiv 96/39 og kommisjonsdirektiv 97/34 . Desse direktiva endrar det saklege virkeområdet til rådsdirektiv 93/75 , ved at det vert gjort greie for kva slags lastar som skal reknast som farlege og forureinande i rådsdirektivet sin forstand. Det er ikkje naudsynt med lovendring for å implementere desse direktiva. ESA har derimot munnleg gitt uttrykk for at også den naudsynte lovendringa i hamne- og farvatnlova må gjennomførast no, slik at heile rådsdirektivet vert implementert i norsk lovverk. Dette vart sist presisert på møte mellom ESA og Fiskeridepartementet den 2. november 1998.
Som det går fram av pkt. 1 så hadde Noreg ei forplikting til å tilpasse norsk lovverk til rådsdirektiv 93/75 innan 13. september 1994. Kvifor har det då teke så lang tid å få på plass dei naudsynte endringane?
Etter at rådsdirektivet vart vedteke i 1993, oppsto spørsmålet om korleis arbeidet med tilpassinga av norsk regelverk skulle leggjast opp. Fiskeridepartementet sette ned ei arbeidsgruppe som skulle fremje forslag til ny forskrift. Av mandatet gjekk det fram at gruppa skulle samordne gjeldande regelverk om krav til meldingar som båttrafikken pliktar å gje norske styresmakter. All informasjon som brukarane blir pålagd å gje med heimel i denne forskrift, skal så bli lagra i eit datasystem - kalla Meldings- og Informasjonstjeneste (M&I). Dette systemet skal etablerast som skissert i rapporten av 31. mai 1995 om koordinert meldings- og informasjonsfunksjon i Kystforvaltningen som er ei oppfølging av Kystforvaltningsutvalet si innstilling av 2. april og 20. august 1993. Arbeidet med etableringa av dette systemet blei starta opp av Kystdirektoratet og Forsvaret like etter at rapporten vart lagd fram i 1995.
Forsvaret valde etter kvart å utvikle eit eige system kalla Coastal Surveillance System (COSS). Samarbeidet mellom Kystdirektoratet og Forsvaret om etablering av M&I stoppa derfor mellombels opp. Den 31. oktober 1997 blei det inngått ein samarbeidsavtale mellom Forsvaret og Kystdirektoratet om samkøyring av M&I og COSS, noko som inneber at arbeidet med M&I har kome på sporet igjen.
Stansen i arbeidet med M&I førte til at arbeidet med implementering av rådsdirektivet drog ut i tid. Like etter at ovanfor nemnde samarbeidsavtale var på plass kontakta ESA Noreg, som nemnt ovanfor i pkt. 1. Situasjonen er no at Kystdirektoratet vil ha ei mellombels systemløysing basert på datafaks på plass straks lovforslaget er vedteke i Stortinget. Denne løysinga vil kunne handtere dei meldingane som skal gjevast i medhald av minimumskrava i rådsdirektivet. Fiskeridepartementet har derfor utarbeidd ei mellombels forskrift som vil bli gitt med heimel i lovforslaget, og som implementerer krava i rådsdirektivet.
Ovanfor nemnde samordning av regelverk om meldingar vil såleis ikkje kunne gjennomførast før datafakssystemet er erstatta av M&I ein gong i år 2000. Det er likevel grunn til å presisere at lovforslaget som Samferdselskomiteen no har til handsaming også vil vere heimel for den forskrifta som i framtida vil samordne gjeldande regelverk om meldingar.