|
Barne- og familiedepartementet legg i proposisjonen fram forslag til endringar i lov av 26. juni 1998 nr. 43 om åpningstider for utsalssteder (åpningstidsloven). Endringsforslaga tek for seg nokre av unnataka frå hovudregelen. Dei fører ikkje til endringar i lova sitt verkeområde eller hovudregelen om alminnelege opningstider.
Departementet gjer framlegg å oppheve unnataket i § 3 første ledd nr. 5 for utsalsstader knytta til trafikkknutepunkt (jernbanestasjonar m.v.) som sel varer dei reisande har behov for. Føresega har vore tolka på ulike måtar, både med omsyn til kva som ein skal rekne som trafikknutepunkt, og kva for vareutval ein meiner vil stetta det dei reisande har behov for. Den opprinnelege bakgrunnen for føresegna var å sikre passasjerane eit enklare varetilbod til sjølve reisa. Departementet meiner at unnataket for utsalsstader på under 100 kvadratmeter i § 3 første ledd nr. 1 må vere tilstrekkjeleg til å ta vare på dette omsynet.
Departementet gjer samstundes framlegg om at det vert innført ein særleg heimel for å kunne frita utsalsstader på lufthamner frå hovudregelen i § 2. Det har over tid utvikla seg en praksis med sal av spesielle varer på lufthamner i Noreg som i andre land. Salet finn normalt stad til alle dei tidene flya går, også utover dei lovlege generelle opningstidene i lova. Departementet ser det som ønskjeleg at denne praksisen kan vidareførast. Opphevinga av føresegna om trafikknutepunkt fører til behov for ein ny særleg heimel for slikt sal.
Det vert også gjort framlegg om ei presisering av unnataket i § 3 første ledd nr. 3 som gjeld utsalsstader på campingplassar. Føresegna er i dag så vid at ho kan opne for utilsikta tolking og tilpassing.
Departementet gjer framlegg om at den heimelen fylkesmannen har til å avgjere kva som ein skal rekne som ein typisk turiststad, vert utvida til også å gjelde at stader berre i avgrensa periodar kan reknast som typiske turiststader. Framlegget er meint å skulle gi fylkesmennene ein meir fleksibel forskriftsheimel i avgjerda av kva som skal reknast som typisk turiststad.
Etter departementet sitt syn vil dei endringane det er gjort framlegg om og tillegga ikkje innebere store realitetsendringar i lova. Dei vil i det vesentlege presisere innhaldet og intensjonane, slik Stortinget tidlegare har lagt til grunn.
Framlegg om endringar i opningstidslova vart sendt på høyring 4. mars 1999 med høyringsfrist 30. mars 1999.
Somme av høyringsinstansane meiner at arealgrensene i unnataka i § 3 første ledd nr. 1 og 2 på høvesvis 100 og 150 kvadratmeter bør samordnast, slik at ein får eitt unnatak med ei arealgrense på 150 kvadratmeter. Det er peikt på at ulike arealgrenser er konkurransevridande og gir ein tilfeldig fordel for dei mange bensinstasjonane som har store avdelingar med kiosk- og daglegvarer. Spørsmålet var likevel ikkje utgreidd som tema i høyringsnotatet, av di ein ynskte å få røynsler med den nye lova først. Departementet finn det på denne bakgrunnen vanskeleg å gå nærare inn på framlegget.
Etter departementet si vurdering vil ei mogleg samanslåing av arealgrensene til 150 kvadratmeter sannsynlegvis opne for fleire søndagsopne utsalsstader.
På s. 3-5 i proposisjonen vert det gjort nærare greie for endringsforslaga og for høyringsinstansane sine synspunkt.