|
I proposisjonen legg Barne- og familiedepartementet fram eit forslag til lov om endring i lov 21. desember 2000 nr. 105 om opplysningsplikt og angrerett m.v. ved fjernsal og sal utanfor fast utsalssted (angrerettlova). Departementet foreslår å endre utgangspunktet for angrefristen ved sal av bokverk som blir levert etter kvart. Etter dagens lov byrjar angrefristen å gå når « heile vara » er motteken, det vil seie når alle binda i til dømes eit leksikon er levert. Etter forslaget skal angrefristen begynne å gå når forbrukaren har fått det første bindet, under føresetnad av at dette bindet gjer det mogleg for forbrukaren å danne seg ei oppfatning av heile bokverket, saman med informasjonen han får.
Proposisjonen viser til stortingsbehandlinga av forbrukarkjøpslova våren 2002, jf Innst.O.nr.69 (2001-2002) der fleirtalet i komiteen m.a. ba Regjeringa greie ut om når angrefristen skal ta til å løpe ved kjøp av bokverk. I proposisjonen vert òg forholdet til dei to EØS-direktiva drøfta, dørsalsdirektivet og fjernsalsdirektivet. Proposisjonen gjer òg greie for merknader frå ymse høyringsinstansar. Det vert stilla spørsmål i proposisjonen om det bør innførast ein særskild angrefrist ved sal av bokverk. Høyringsinstansane er ueinige om det bør innførast ein regel om at angrefristen ved sal av bokverk kan begynne å gå når det første bindet er motteke.
Departementet har forståing for motførestellingane frå Forbrukarombodet og Forbrukarrådet. Likevel må det gjerast ei avveging mellom dei næringsdrivande og forbrukarane sine interesser i denne saka.
Kjernen i problemet sett frå næringssida er at det kan gå lang tid mellom avtalen blir inngått og « heile vara » blir levert, og dermed at angrefristen på 14 dager byrjar å gå. Dette tyder at dersom forbrukaren kjøper eit leksikon til dømes ved dørsal, og binda blir produsert etter kvart, vil angrefristen først begynne å gå når alle binda i serien er mottekne. Angrefristen kan i prinsippet begynne å gå fleire år etter at avtalen blei gjort, og det kan innebere ein økonomisk risiko for seljaren.
Departementet ser at særlege omsyn gjer seg gjeldande ved sal av bokverk som skal leverast etter kvart. Det kan gjere det rimeleg å gjere unntak frå noverande § 11 i angrerettlova.
Departementet legg til grunn at Stortinget har uttrykt ønske om ein unntaksregel for bokverk, og at fleirtalet av høyringsinstansane som har uttalt seg, stør forslaget.
Departementet foreslår etter dette ein regel som gjennomfører prinsippa Stortinget skisserte i Innst.O.nr.69 (2001-2002).
Stortinget har bedt Regjeringa om å vurdere om det er andre forbrukarkjøp som blir råka på tilsvarande måte som bokverk, og i så fall om lovendringa bør få eit vidare verkeområde.
Utgangspunktet for departementet er at ein må vere varsam med å innskrenke gjeldande forbrukarrettar. Formålet med angreretten er at forbrukarane ved visse særskilde salsformer skal ha høve til å gå frå avtalen etter å ha motteke vara og sett seg inn i avtalevilkåra. Omsynet bak regelen i angrerettlova § 11 om at « heile vara » skal vere motteken før angrefristen byrjar å gå, er at forbrukaren ikkje får eit fullstendig inntrykk av ei samansett yting før alle enkeltelementa er mottekne.
Departementet er einig med Forbrukarombodet i at det må påvisast særlege uheldige konsekvensar for den næringsdrivande før ein opnar for å gjere unntak frå § 11 om at « heile vara » skal vere motteken. Spørsmålet er om ein kan finne slike døme utover sal av bokverk som skal leverast over tid.
Proposisjonen drøftar forslag om å gjere unntak frå angreretten for enkeltbestillingar som er ledd i klubbmedlemskap. Departementet viser til at dette spørsmålet blei grundig behandla i forarbeida til angrerettlova, jf Ot.prp.nr.36 (1999-2000). Under stortingsbehandlinga av angrerettlova gjekk fleirtalet i stortingskomiteen inn for å ikkje vidareføre unntak for bestillingar som er ledd i medlemskap i klubbar, jf Innst.O.nr.18 (2000-2001) side 22. Departementet kan ikkje sjå at det har kome fram moment som gir grunnlag for ei anna vurdering enn ved stortingsbehandlinga desember 2000.
Proposisjonen drøftar òg spørsmålet om unntak for ulike samlarseriar. Det heiter i proposisjonen m.a. at samlarseriar av frimerke, myntar og liknande som hovudregel skil seg mykje frå bokverka m.a. når det gjeld verdi, økonomisk planlegging og arbeidsinnsatsen som ligg bak produkta. Det tyder at den økonomiske risikoen for seljaren normalt sett ikkje kan samanliknast med den som kan oppstå for utgivarar av store bokverk. Etter departementet si vurdering er det ikkje sterke nok grunnar til å utvide den nye føresegna til også å gjelde ulike typar samleprodukt.