Lenke til Stortingets hovedside  

Innst.O.nr.32 (2003-2004)
Innstilling fra kirke-, utdannings- og forskningskomiteen om lov om endringar i lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova)


oversikt første" forrige

Komiteens tilråding

       Komiteen har for øvrig ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Odelstinget til å gjøre følgende

vedtak til lov
om endringar i lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova)

       I lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova) blir det gjort følgjande endringar:

I.

§ 13-2 skal lyde:

§ 13-2. Plikt for fylkeskommunen til å sørgje for grunnskoleopplæring, spesialpedagogisk hjelp og vidaregåande opplæring i institusjonar etter barnevernlova

       Når det blir gjort vedtak om plassering i institusjon etter barnevernlova, er det den fylkeskommunen der den kommunen ligg som er ansvarleg for plasseringa, jf barnevernlova § 8-4, som har ansvaret for å oppfylle retten til grunnskoleopplæring, spesialpedagogisk hjelp og vidaregåande opplæring i institusjonen etter lova her.

       Ansvaret omfattar barn og unge i institusjonar i fylkeskommunen som den statlege regionale barnevernmyndigheita har ansvaret for etter barnevernlova § 5-1, og private og kommunale institusjonar som er godkjende etter barnevernlova § 5-8. Institusjonane skal sørgje for nødvendige lokale til opplæringa.

       Departementet kan gi nærmare forskrifter eller pålegg i enkelttilfelle om ansvaret til fylkeskommunen.

§ 13-3a første ledd skal lyde:

       Fylkeskommunen skal oppfylle retten til grunnskoleopplæring, spesialpedagogisk hjelp og vidaregåande opplæring etter lova her for pasientar i helseinstitusjonar som det regionale helseføretaket, oppretta etter helseføretakslova § 8, eig i fylkeskommunen. Helseføretaket skal sørgje for nødvendige lokale til opplæringa.

§ 15-2 fjerde ledd skal lyde:

       Fylkeskommunen er klageinstans for enkeltvedtak i yrkesopplæringsnemnda.

II.

       Lova tek til å gjelde 1. januar 2004.

Oslo, i kirke-, utdannings- og forskningskomiteen, den 4. desember 2003

Rolf Reikvam
leder
Vidar Bjørnstad
ordfører


oversikt første" forrige


Sist oppdatert 8. nov 2005 av Stortingets administrasjon