|
§ 13-2 skal lyde:
§ 13-2. Plikt til å sørgje for grunnskoleopplæring, spesialpedagogisk hjelp og vidaregåande opplæring i institusjonar etter barnevernlova
Når det blir gjort vedtak om plassering i institusjon etter barnevernlova, er det fylkesmannen i den fylkeskommunen der den kommunen ligg som er ansvarleg for plasseringa, jf barnevernlova § 8-4, som har ansvaret for å oppfylle retten til grunnskoleopplæring, spesialpedagogisk hjelp og vidaregåande opplæring i institusjonen etter lova her.
Ansvaret omfattar barn og unge i institusjonar i fylkeskommunen som den statlege regionale barnevernmyndigheita har ansvaret for etter barnevernlova § 5-1, og private og kommunale institusjonar som er godkjende etter barnevernlova § 5-8. Institusjonane skal sørgje for nødvendige lokale til opplæringa.
Departementet kan gi nærmare
forskrifter eller pålegg i enkelttilfelle om ansvaret til fylkesmannen.
§ 15-2 fjerde ledd skal lyde:
Fylkesmannen er klageinstans for enkeltvedtak i yrkesopplæringsnemnda.