Lenke til Stortingets hovedside  

Innst.O.nr.95 (2003-2004)
Innstilling fra næringskomiteen om lov om endring i lov 17. juni 1966 nr. 19 om forbud mot at utlendinger driver fiske m.v. i Norges territorialfarvann


oversikt første forrige neste

Komiteens merknader

       Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet, lederen Olav Akselsen, Bendiks H Arnesen, Grethe Fossli og Aud Gaundal, fra Høyre, Egil Hestnes, Ivar Kristiansen og Erlend Nornes, fra Fremskrittspartiet, Øystein Hedstrøm og Lodve Solholm, fra Sosialistisk Venstreparti, Åsa Elvik og Inge Ryan, fra Kristelig Folkeparti, Olaf Gjedrem og May-Helen Molvær Grimstad, og fra Senterpartiet, Odd Roger Enoksen, er samd i Regjeringa sitt framlegg om å endra fiskeforbodslova slik at utanlandske jegarar kan få tilgang til å ta del i jakt på kystsel. Komiteen føreset at formelle krav til jegerkompetanse vert stetta, før løyve til deltaking i jakt på kystsel vert gjeve, og at tryggleiken til jegerane vert ivareteken. Elles syner komiteen til Innst.S.nr.180 (2003-2004) om norsk sjøpattedyrpolitikk, der det vart peika på at ein må syte for at turistjakt på sel berre må føregå der aktørane har tilstrekkeleg kunnskap om avlivingsmetodar. Komiteen meiner også at jakt på kystsel kan vera ei spanande utfordring for utanlandske jegerar, og at dette kan sikra at dei kvotane på kystsel som vert fastsett faktisk vert nytta, samstundes som verdiskapinga knytta til desse kvotane vert auka.



oversikt første neste


Sist oppdatert 8. nov 2005 av Stortingets administrasjon