Lenke til Stortingets hovedside  

Innst.O.nr.24 (2004-2005)
Innstilling frå kommunalkomiteen om lov om endringar i lønnsgarantilova


oversikt første forrige neste

Samandrag

       Lønnsgarantiordninga gir staten plikt til, innanfor fastsette grenser, å dekkje lønn, feriepengar og ein del andre ytingar som arbeidsgivar ikkje er i stand til å betale på grunn av konkurs. Ved utbetaling av lønnsgarantidekning trer staten inn i kravet til arbeidstakaren i konkursbuet. Ordninga har eit sosialt tilsnitt og skal sikre at arbeidstakarane får dekt krava sine sjølv om arbeidsgivaren går konkurs. Staten garanterer i dag for krav opp til tre gonger grunnbeløpet i folketrygda (3 G). Dette utgjer kr 176.334 pr. 1. mai 2004.

       Utgiftene til staten i samband med lønnsgarantiordninga har auka kraftig dei seinare åra. Det er difor naudsynt med tiltak som kan avgrense utgiftene. Arbeids- og sosialdepartementet foreslår difor at grensa for maksimal dekning gjennom lønnsgarantiordninga vert redusert frå 3 G til 2 G (frå kr 176.334 til kr 117.556). Endringa vert gjennomført ved ei endring av lønnsgarantilova § 1 tredje leddet. Innstrammingstiltaket vil føre til at arbeidstakarane får lågare dekning enn i dag. På den andre sida vil dette først og fremst få noko å seie for arbeidstakarar med høge opptente krav. Den gjennomsnittlege utbetalinga pr. arbeidstakar låg på om lag 55.000 kroner i 2003. Det er difor relativt få arbeidstakarar som vert ramma av forslaget.

       Det er rekna ut at dei føreslåtte endringane vil innebere ein reduksjon av lønnsgarantiutbetalingane på om lag 26 mill. kroner for 2005. Den årlege innsparinga er utrekna til å vere om lag 53 mill. kroner.



oversikt første neste


Sist oppdatert 8. nov 2005 av Stortingets administrasjon