Lenke til Stortingets hovedside  

Innst.O.nr.24 (2004-2005)
Innstilling frå kommunalkomiteen om lov om endringar i lønnsgarantilova


oversikt første forrige neste

Merknader frå komiteen

       Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Sigvald Oppebøen Hansen, Reidar Sandal, Karl Eirik Schjøtt-Pedersen og Signe Øye, frå Høgre, Peter Skovholt Gitmark, Hans Kristian Hogsnes og Kari Lise Holmberg, frå Framstegspartiet, Torbjørn Andersen og Per Sandberg, frå Sosialistisk Venstreparti, Karin Andersen og Heikki Holmås, frå Kristeleg Folkeparti, Anita Apelthun Sæle og Ivar Østberg, og frå Senterpartiet, leiaren Magnhild Meltveit Kleppa, viser til at lønnsgarantiordninga gir staten plikt til, innafor fastsette grenser, å dekkje lønn, feriepengar, og ein del andre ytingar som arbeidsgjevar ikkje er i stand til å betale på grunn av konkurs. Ved utbetaling av lønnsgarantidekning trer staten inn i kravet til arbeidstakaren i konkursbuet. Komiteen viser til at ordninga har eit sosial tilsnitt og skal sikre at arbeidstakarane får dekt krava sine sjølv om arbeidsgivaren går konkurs.

       Komiteen er kjent med at EU-direktiv 80/989/EEC og endringsdirektiv 2002/74/EC krev at alle EU/EØS-land har ein garantiinstitusjon som sikrar arbeidstakarane lønn ved konkurs hos arbeidsgjevar, og at Noreg er bunden av direktivet gjennom EØS-avtala.

       Fleirtalet i komiteen, medlemene frå Høgre, Framstegspartiet, Kristeleg Folkeparti og Senterpartiet, har merka seg at utgiftene til staten i samband med lønnsgarantiordning har auka kraftig dei seinare åra, og at Regjeringa difor meiner det er naudsynt med tiltak som kan avgrense utgiftene. Fleirtalet ser det som viktig at endringane skal ha eit tilsnitt som ikkje gir vesentleg dårlegare vilkår for majoriteten av arbeidstakarane som vert råka av konkurs hos arbeidsgjevar. Med bakgrunn i at den gjennomsnittlege utbetalinga pr. arbeidstakar var om lag 55.000 kroner i 2003, og maksimalgrensa vert foreslått redusert til 2 G, meiner fleirtalet at dette er ivaretatt.

       Eit anna fleirtal, medlemene i komiteen frå Arbeidarpartiet, Høgre, Framstegspartiet, Kristeleg Folkeparti og Senterpartiet, meiner lønnsgarantiordninga er viktig for å sikre arbeidstakarane i ein situasjon der bedrifter går konkurs. Dette fleirtalet har merka seg at Regjeringa meiner det er naudsynt å endre ordninga. Dette fleirtalet ber Regjeringa følgje nøye med på korleis ordninga utviklar seg, for å sikre at den framleis fungerer etter formålet.

       Dette fleirtalet stør framlegget i proposisjonen.

       Komiteens medlemmer fra Sosialistisk Venstreparti, viser til Sosialistisk Venstrepartis alternative budsjett der disse medlemmer gikk imot Regjeringens forslag om å kutte ordningen med lønnsgaranti ved konkurs fra 3 til 2 G.

       Endringen vil ramme et lite mindretall som trenger en slik ordning. Det er verd å merke seg at beregnet innsparing er 26 mill. kroner i 2004 og at regjeringspartiene mener det er greit å belaste mennesker som har mistet jobben med et slikt kutt. I praksis betyr innstrammingen at de som har det største behovet for økonomisk bistand i en slik situasjon, blir rammet hardest.

       Disse medlemmer vil derfor gå imot lovendringen.



oversikt første neste


Sist oppdatert 8. nov 2005 av Stortingets administrasjon