Lenke til Stortingets hovedside  

Innst.O.nr.32 (2004-2005)
Innstilling frå næringskomiteen om lov om endring i lov 3. juni 1983 nr. 40 om saltvannsfiske mv. (avgiftsheimel)


oversikt første forrige neste

Samandrag

       Regjeringa gjer i proposisjonen framlegg om at det vert gjeve heimel i lov 3. juni 1983 nr. 40 om saltvannsfiske mv. for innkrevjing av ei avgift som dekkjer utgifter styresmaktene får ved å utføre ulike forvaltingsoppgåver innanfor verkeområdet til saltvassfiskelova.

       Slik kostnadsdekning er gjennomførd på ulike område. Regjeringa meiner at det innanfor ressursforvaltingsområdet er særleg godt grunnlag for å innføre slike avgifter, fordi fiskerinæringa har fått gratis tilgjenge til å drive næringsverksemd med utgangspunkt i ein fellesressurs.

       Fiskeriforvaltinga gjennomfører eit omfattande og kostnadskrevjande arbeid for å sikre at fiskeressursane vert hausta på ein berekraftig måte. Budsjettproposisjonen til Fiskeri- og kystdepartementet for 2005 gjer greie for det samla ressursforvaltingsarbeidet og kostnadane ved dette. Målet med arbeidet er å sikre eit best mogleg langtidsutbytte frå fiskerinæringa, til beste for den einskilde næringsutøvar, den samla næringa og samfunnet som heilskap. Då er det ikkje urimeleg at næringa sjølv dekkjer ein del av utgiftene ved dette arbeidet.

       Det er særleg nærliggande å peike på det omfattande arbeidet med bestandskartlegging og - overvaking, kvoteforhandlingar med andre land og arbeidet med fordeling av den nasjonale kvoten og fastsetjing av kvotar for dei einskilde fartøya. Dette arbeidet er heilt naudsynt for å kunne gjennomføre eit forsvarleg og berekraftig fiske, og det kjem heile næringa til gode. Arbeidet som ligg til grunn for den årlege tildelinga av kvotar, er direkte avgjerande for kvar einskild si næringsverksemd og økonomiske gevinst både på kort og lang sikt.

       Det fell også naturleg å peike på at dei utgiftene samfunnet har til kontroll med fiskeriaktiviteten, i alle fall delvis bør dekkast av næringa. Det er handlingar frå næringsaktørane sjølve som har utløyst desse kontrollutgiftene og kontrollarbeidet er naudsynt for å sikre at haustinga skjer korrekt i høve til dei reglane som gjeld, særleg for uttaksavgrensingar.

       Innkrevjing av gebyr og avgift for offentlege tenester og kontrollordningar er i dag gjennomført på ulike område. Slike ordningar byggjer normalt på det generelle prinsippet at brukarane av offentlege tenester/ytingar også skal betale for dei kostnadane dei påfører samfunnet. Som utgangspunkt skal dei ikkje samla overstige kostnadane ved det arbeidet forvaltinga gjer. Fiskeristyresmaktene krev i dag gebyr for å handsame ein del typar søknader som gjeld fiskefartøy og eit årleg gebyr for å ha eit fartøy registrert i registeret over fiskefartøy. Desse gebyra er knytte til konkrete arbeidsoppgåver som fiskeriforvaltinga utfører - handsaming av søknader og føring/vedlikehald av registeret - med heimel i deltakarlova.

       Dei økonomiske og administrative kostnadane ved ei slik avgift vil vere avhengig av korleis avgifta skal bereknast og krevjast inn.

       Ei avgift fastsett til ein viss prosent av førstehandsverdien av omsett fangst og kravd inn av salslaga ved avrekning av fangstoppgjer til fiskar, vil vere svært kostnadseffektiv fordi ein kan nytte allereie etablerte rutinar og system. Salslaga krev i dag inn andre avgifter, og vidaresender desse til ulike mottakarar. Dersom ein vel ein slik innkrevjingsmåte, trengst det ikkje nye administrative rutinar eller ressursar hos salslaga eller i fiskeriforvaltinga.

       Salslaga vil i tilfelle få høve til å dekkje dei ekstra utgiftene som måtte kome, av avgiftsmidlane.

       For næringa vil ei slik avgift bli ein ny kostnad.



oversikt første neste


Sist oppdatert 8. nov 2005 av Stortingets administrasjon