|
Barne- og familiedepartementet legg i proposisjonen fram forslag til endringar i lov 28. februar 1997 nr. 19 om folketrygd kapittel 14 om ytelser ved fødsel og adopsjon. Endringane gjeld retten til lønnskompensasjon under fedrekvoten. Det blir foreslått at fedrar skal få lønnskompensasjon under fedrekvoten basert på eiga opptening. Forslaget er sett fram i St.prp. nr. 1 (2004-2005) med verknad for fødslar eller omsorgsovertakingar ved adopsjon frå og med 1. januar 2005.
Fedrekvoten inneber at fire veker av stønadsperioden ved fødsel eller adopsjon er reservert for far. Som hovudregel fell vekene bort dersom far ikkje nyttar seg av dei.
Det følgjer av folketrygdlova § 14-10 første ledd at det er ein føresetnad for rett til fedrekvote at både mor og far fyller vilkåra for rett til fødselspengar. Far sin rett til fedrekvote er altså avhengig av yrkesaktiviteten til mor før fødselen.
Lønnskompensasjonen for far under fedrekvoten blir rekna ut med utgangspunkt i inntekta hans etter reglane i folketrygdlova § 14-5 første ledd, jf kap. 8. Men i samsvar med folketrygdlova § 14-10 andre ledd blir fødselspengane til far rekna ut i forhold til kor stor stillingsdel mor hadde i oppteningstida.
Barne- og familiedepartementet har sendt ut eit høyringsnotat med forslag til forenklingar i regelverket for fødsels- og adopsjonspengar. Høyringsnotatet inneheld mellom anna forslag som gjeld fedrekvoten. Det blir foreslått at fedrekvoten skal kunne takast ut i dei første seks vekene etter fødselen, at det skal bli mogleg å inkludere fedrekvoten i ei ordning med fleksibelt uttak av fødsels- og adopsjonspengar, og at høvet til å gi dispensasjon i forhold til fedrekvoten skal snevrast inn.
Departementet viser til at siktemålet med forslaget er å styrkje fedrane sine rettar ved at lønnskompensasjonen til far under fedrekvoten blir rekna ut frå hans eiga opptening. Det inneber at utrekninga av fødselspengane til far under fedrekvoten ikkje lenger blir knytt til den stillingsdelen mor hadde før fødselen. Forslaget sikrar far lønnskompensasjon under heile fedrekvoten basert på eiga opptening.
Forslaget omfattar ikkje endringar i vilkåra for rett til fedrekvote. Vilkåra vil som i dag vere knytt til at både mor og far har opptent rett til fødselspengar, og at mor har hatt ein yrkesaktivitet tilsvarande minst halv stilling i oppteningstida, jf folketrygdlova § 14-10 første ledd. Forslaget fører ikkje til at fleire fedrar enn i dag vil ha rett til fedrekvote, men sikrar ein betre lønnskompensasjon under fedrekvoten for familiar der mor har arbeidd deltid før fødselen. Forslaget vil venteleg føre til at endå fleire fedrar enn i dag kjem til å ta ut fedrekvoten, og vil gi eit enklare regelverk.
Tilsvarande gjeld for fedrekvoten knytt til adopsjonspengar etter folketrygdlova § 14-19 andre ledd.
I St.prp. nr. 1 (2004-2005) er dei økonomiske konsekvensane av forslaget rekna ut til 5,5 mill. kroner i 2005, som ein førsteårseffekt knytt til auka utgifter for folketrygda. Heilårseffekten reknar ein med blir på om lag 25 mill. kroner (RTV, 2004).