Lenke til Stortingets hovedside  

Innst.O.nr.40 (2004-2005)
Innstilling fra justiskomiteen om lov om endringer i lov 13. juni 1980 nr. 35 om fri rettshjelp


oversikt første forrige neste

Sammendrag

Om hovudinnhaldet i proposisjonen

       Justisdepartementet legg her fram forslag om gjeninnføring av eigendel i lov om fri rettshjelp. Forslaget er omtalt i St.prp. nr. 1 (2004-2005) under kap. 470 Fri rettshjelp.

       Departementet foreslår at dei som får fri rettshjelp i behovsprøvde saker skal betale eigendel. I saker som ikkje går for domstolane (fritt rettsråd), foreslår departementet at eigendelen tilsvarar ein fast sum (grunndel). I saker som går for domstolane (fri sakførsel) ser departementet for seg at ein skal betale eigendel på 25 % av kostnadene i saka, men med eit tak, slik at den totale eigendel ikkje overstig fem gonger grunndelen. Grunndelen bør etter departementet sitt syn vere lik timesatsen som det offentlege betaler rettshjelpa med (salærsatsen), eksklusiv meirverdiavgift.

       Departementet foreslår ei inntektsgrense for å betale eigendel på kr 100.000.

       Forslaget inneber at den advokat som har ytt rettshjelpa skal stå for innkrevjing av eigendelen.

Framlegg om lovendring om eigendel

Innleiing

       Ordninga med eigendel blei innført 1. januar 1997. I Innst.O.nr.67 (2001-2002) kom fleirtalet i Stortinget sin justiskomité derimot til at ordninga med eigendel ved fri rettshjelp blei oppheva. Etter dette fall eigendelsordninga i lov om fri rettshjelp bort 1. september 2003. Personar med ei årleg brutto årsinntekt under 230.000 kroner kan no, utan sjølv å bli påført kostnader, få fri rettshjelp i saker som høyrer inn under rettshjelpslova.

Departementet sitt framlegg i høyringsbrevet

       I samsvar med justiskomiteen sine utsegn i Innst.S.nr.181 (1999-2000), meiner departementet at ein treng ei ordning med eigendelar. Ordninga med fri rettshjelp utan eigendel har no eksistert i eit år. Tal frå staten sine rekneskap indikerar ei auking i utgiftene på om lag 25 % i den del av utgiftene som knyter seg til dei behovsprøvde sakene under kap. 470 i statsbudsjettet. Av omsyn til behovet for å prioritere knappe ressursar og for å få større kontroll med utviklinga av utgiftene, foreslår departementet å gjeninnføre eigendelar på den delen av fri rettshjelp som er behovsprøvd.

       Departementet finn at dei beste grunnar talar for at eigendelen må vere eit forutsigbart beløp. Departementet foreslår at det i fritt rettsrådssaker skal betalast ein fast eigendel tilsvarande ein grunndel. I saker med fri sakførsel ser departementet for seg at det skal betalast ein eigendel på 25 % av kostnadane i saka, men med eit tak, slik at den totale eigendel ikkje overstig fem gonger grunndelen.

       Den offentlege salærsatsen er pr. i dag 770 kroner. Etter departementet sitt syn er det naturleg å knytte eigendelen på fri rettshjelp til den offentlege salærsatsen. Med ein eigendel (grunndel) lik salærsatsen betaler klienten sjølv i realiteten den første timen med advokathjelp. Klienten skal ikkje betale meirverdiavgift av eigendelen. Departementet vil leggje til rette for at eigendel kan bli kravd inn på forskot.

       Departementet meiner innføring av moderate eigendelar slik som foreslått ikkje representerer rettsnekting for dei borgarar som ønskjer ei rettslig prøving av saka si for domstolane. Ved ei omprioritering av ressursane som i dag medgår til fri rettshjelp, er det sjølvsagt viktig å ta omsyn til dei med minst ressursar. Departementet vil hevde at eigendelsordninga som er foreslått er rimeleg, og ikkje fører til ei vesentleg auka byrde for disse.

       Ut frå det som er kome fram i høyringsrunden, held departementet fast ved framlegget i høyringsbrevet. Ved utforminga av forslaget om gjeninnføring av eigendelar på fri rettshjelp, legg departementet vekt på at ordninga skal vere enkel for brukarane og rimeleg å administrere. Bruk av eigendelar med dei beløp det her er tale om vil neppe bli oppfatta som urimeleg av det rettssøkjande publikum.

Om inndriving av eigendel

       I høyringsbrevet blei det gjort framlegg om at advokatane bør stå for utrekning og innkrevjing av eigendelane. Eit sentralt omsyn bak forslaget er ønsket om ei kostnadseffektiv eigendelsordning. Fleire høyringsinstansar, til dømes Den Norske Advokatforening og Forbrukarrådet, meiner at inndriving av eigendelane bør vere ei offentleg oppgåve.

       Departementet held fast ved at det er den beste løysinga at advokatane står for innkrevjinga av eigendelen. Departementet kan vanskeleg sjå kvifor ein advokats innkrevjing av ein moderat eigendel i fri rettshjelpssaker skal stå i ei anna stilling enn innkrevjing av salær generelt.

       I fri rettshjelpssaker, der det offentlege dekkjer salæret, vil advokaten si innkrevjing aleine gjelde eigendelen. I dei fleste sakene vil eigendelen berre bestå av grunndelen, dvs. salærsatsen, som advokaten kan krevje inn samstundes med at han/ho tek på seg oppdraget. Departementet legg til grunn at sjølv ressurssvake klientar vil kunne klare å forskotsbetala ein eigendel tilsvarande en gong den offentlege salærsatsen.

Om inntektsgrensa for å betale eigendel

       I høyringsbrevet blei det gjort framlegg om at inntektsgrensa for kven som skal betale eigendel blei satt til 100.000 kroner. Fleire høyringsinstansar har teke opp spørsmålet og meiner at den foreslåtte inntektsgrensa er for låg.

       Departementet har merka seg synspunkta, men ut frå kostnadsomsyn, finn ein likevel å helde fast ved framlegget om ei inntektsgrense på 100.000 kroner.

Økonomiske og administrative følgjer

       Ei gjeninnføring av eigendelar på fri rettshjelp vil føre til ein reduksjon av utgiftene til fri rettshjelp og fordrar ikkje noko inntektskapittel. Med eit definert nivå på eigendelen i form av grunndel og multiplikator, og eit innkrevjingssystem som nemnt, har departementet rekna ut at utgiftene på kap. 470 blir redusert med om lag 58 mill. kroner.

       Da eigendelane blei oppheva 1. september 2003, blei det lagt til grunn at domstolane ville få meir å gjere og kap. 410 blei av den grunn auka med 5,7 mill. kroner. Ved ei gjeninnføring av eigendelar, må det skje ein reduksjon i dette kapittelet. Det er tatt høgde for dette i St.prp. nr. 1 (2004-2005), jf omtalen av kap. 410 om Tingrettene og Lagmannsrettene.



oversikt første neste


Sist oppdatert 8. nov 2005 av Stortingets administrasjon