Lenke til Stortingets hovedside  

Innst.O.nr.42 (2004-2005)
Innstilling fra justiskomiteen om lov om endring i offentlighetsloven


oversikt første forrige neste

Sammendrag

       Offentlegheitslova har ingen generell heimel til å gjere unntak frå innsyn eller å utsetje tidspunktet for innsyn hos forvaltninga for dokument som er utarbeidd av eller til Riksrevisjonen. I denne proposisjonen gjer departementet framlegg om eit nytt andre ledd i offentlegheitslova § 4 som fastset at det ikkje skal vere innsyn i slike dokument før saka er motteken i Stortinget. Framlegget er ei oppfølging av oppmodingsvedtak nr. 294 (2003-2004) frå Stortinget.

Nærmere om forslaget

       Etter offentlegheitslova § 4 kan forvaltningsorganet i særlege høve avgjere at det først skal vere innsyn frå eit seinare tidspunkt enn det som følgjer av hovudreglane i § 3. Denne føresegna gjev ingen generell heimel til å utsetje frå kva tidspunkt det skal vere innsyn hos forvaltninga for dokument som er utarbeidd av eller til Riksrevisjonen. Dei andre unntaksreglane i offentlegheitslova eller i anna lovgjeving kan avhengig av situasjonen gje høve til å unnta slike dokument. Offentlegheitslova eller anna lovgjeving gjev likevel ikkje nokon generell heimel til å unnta dokument som er utarbeidd av eller til Riksrevisjonen.

       I brev 18. august 2004 frå Lovavdelinga i Justisdepartementet til Helsedepartementet har Lovavdelinga lagt til grunn at

       « ... det ikke er tilstrekkelige holdepunkter for å tolke riksrevisjonsloven § 18 annet ledd slik at den gjelder for forvaltningen. »

       Dette inneber at forvaltninga ikkje kan utsetje innsynstidspunktet for dokument utarbeidde av eller til Riksrevisjonen endå om dokumenta fell inn under § 18 andre ledd i riksrevisjonslova, dersom ikkje dokumenta samstundes fell inn under eit av dei unntaka i offentlegheitslova eller i anna lovgjeving som gjev forvaltninga høve til eller plikt til å gjere unntak frå innsyn. I mange tilfelle vil dermed forvaltninga ikkje kunne unnta frå innsyn dokument som er utarbeidde av eller til Riksrevisjonen.

       Departementet legg til grunn at føremålet med føresegna i riksrevisjonslova § 18 andre ledd og oppmodingsvedtaket er at dokument som er utarbeidd av eller til Riksrevisjonen først skal bli offentlege når saka dokumenta gjeld er motteke av Stortinget, og at dette skal gjelde utan omsyn til om eit krav om innsyn i slike saker blir sett fram for forvaltninga eller Riksrevisjonen. For å følgje opp oppmodingsvedtaket og dermed leggje til rette for at føremålet bak føresegna i riksrevisjonslova fullt ut blir verkeleggjort, gjer difor departementet i proposisjonen her framlegg om eit nytt andre ledd i offentlegheitslova § 4. Framlegget går ut på at det for dokument som er utarbeidd av eller til Riksrevisjonen i saker som kan bli lagde fram for Stortinget, ikkje skal vere innsyn før saka er motteken i Stortinget.

Økonomiske og administrative konsekvenser

       Slik departementet ser det, vil endringa ikkje føre til økonomiske og administrative konsekvensar av noko omfang.



oversikt første neste


Sist oppdatert 8. nov 2005 av Stortingets administrasjon