Lenke til Stortingets hovedside  

Innst.O.nr.50 (2004-2005)
Innstilling fra familie-, kultur- og administrasjonskomiteen om lov om endring i lov 12. juni 1987 nr. 56 om Sametinget og andre samiske rettsforhold


oversikt første forrige neste

Sammendrag

       Kultur- og kyrkjedepartementet legg i proposisjonen fram forslag til lov om endring i lov 12. juni 1987 nr. 56 om Sametinget og andre samiske rettsforhold (sameloven). Sameloven av 12. juni 1987 nr. 56 § 3-1 nr. 1 har i dag følgjande ordlyd:

       « Med forvaltningsområdet for samisk språk menes kommunene Karasjok, Kautokeino, Nesseby, Porsanger, Tana og Kåfjord. »

       Kultur- og kyrkjedepartementet går inn for ei endring i sameloven der det ikkje lenger vert direkte fastsett i loven kva for kommunar som utgjer området for samisk språk, men at dette i staden vert fastsett av Kongen i forskrift.

       Bakgrunnen for forslaget er at det 25. februar 2003 vart gjort eit samrøystes vedtak i Sametingets plenum om å be Kultur- og kyrkjedepartementet leggje fram eit lovforslag om endring i sameloven § 3-1, slik at Tysfjord kommune kunne innlemmast i forvaltningsområdet for samisk språk.

       Ei innlemming kan likevel på sikt vere aktuelt for fleire kommunar. Det vil derfor vere meir tenleg med ein forskriftsheimel enn å presisere i lova kva for kommunar som utgjer forvaltningsområdet for samisk språk.

       Departementet la i høyringsnotatet også fram eit forslag om å definere kva ein i lova meiner med samisk språk. Det gjekk fram av synspunkta i høyringsfråsegnene at dette forslaget ikkje var tilstrekkeleg utgreidd, og departementet vil derfor sjå nærare på det før det eventuelt vert lagt fram eit nytt forslag.

       Ved prosedyren for innlemming av nye kommunar har departementet lagt til grunn at det er ein føresetnad at dei respektive kommunane i første hand fattar eit vedtak om å inngå i språkområdet, og at dette vert diskutert med Sametinget. Departementet viser til at det er Sametinget som blir det organ som fremjar forslag til Kultur- og kyrkjedepartementet om forvaltningsområdet for samisk språk skal utvidast eller ikkje. Departementet vil så følgje opp dette framlegget ved å vurdere ei endring i den forskrifta som er foreslått om forvaltningsområdet for samisk språk.

       Kongen fastset endringar i forskrifta, då ei utviding vil ha økonomiske konsekvensar for fleire departement.

       Dei samla økonomiske konsekvensane av at Tysfjord vert innlemma i forvaltningsområdet er rekna til om lag 4,5-5 mill. kroner, som skal dekkjast innanfor den budsjettramma som til kvar tid gjeld for det enkelte departementet.



oversikt første neste


Sist oppdatert 8. nov 2005 av Stortingets administrasjon