Innst.O.nr.56 (2004-2005)
Innstilling frå kommunalkomiteen om lov om supplerande stønad til
personar med kort butid i Noreg
3. Stønadsnivået i ei supplerande ordning
3.1 Samandrag
Utmålinga av ytingar frå ei
supplerande ordning må skje ut frå eit standardnivå eller garantinivå.
Supplerande stønad vert berre gitt dersom summen av dei andre inntektene til
stønadstakaren er lågare enn dette garantinivået.
Utgangspunktet ved fastlegginga av
nivået vil naturleg vere minsteytingane i folketrygda. Dette er det nivået
som er fastlagt for personar som har minst 40 år i Noreg i yrkesaktiv alder.
Kjenneteiknet på dei som høyrer til i målgruppa for ei supplerande ordning
er at dei ikkje fyller dette kravet om butid.
Departementet foreslår at full
supplerande stønad skal utgjere
| a) | 1,6433
G for kvar av ektemakane når begge har fylt 67 år. |
| b) | 2,2933
G for stønadstakarar med ein ektemake under 67 år. |
| c) | 1,7933
G for stønadstakarar som er einslege. |
| d) | Stønadsbeløpa
i bokstavane a til c skal aukast med 0,4 G for kvart barn under 18 år som stønadstakaren
forsørgjer. I saker der begge ektemakane har fylt 67 år, skal denne auken av
ytinga gå til den av ektemakane som har lågast inntekt. |
| e) | Stønadsbeløpet
i bokstav b og tillegget for forsørgt barn etter bokstav d gjeld berre dersom
respektive ektemaken og barnet bur saman med stønadstakaren i eitt hushald. |
| f) | Eit
barn vert ikkje rekna som forsørgt dersom det har høgare inntekt enn G. |
| g) | Retten
til auka ytingar på grunn av ektemake under 67 år eller barn gjeld berre dersom
ektemaken eller barnet ikkje oppheld seg i utlandet i lengre tid enn fastsett
i lovforslaget § 4. |
| h) | Sambuarar
og registrerte partnarar skal reknast som ektemakar i denne samanhengen. Som
sambuarar reknast alle som lever saman som ektefolk utan å vere gifte med kvarandre.
|
Departementet viser til § 2 andre
leddet og § 5 i lovforslaget. Forslaget gir følgjande fulle årlege
stønadssatsar og beløp (G = 58.778 kroner, beløp utan avrundingar på grunn
av utbetalingsreglane):
Tabell 1 Stønadssatsar
| Tilfelle |
Stønadssats - andel av G |
Stønadssats i kroner |
| Einsleg |
1,7933 | 105.407 |
| Med ektemake under 67 år |
2,2933 | 134.796 |
| Stønad til kvar av ektemakane
når begge har fylt 67 år |
1,6433 | 96.590 |
| Tillegg for forsørgt ektemake* |
(0,5) |
(29.389) |
| Tillegg per forsørgt barn |
0,4 | 23.511 |
* Tillegget for ektemake er integrert i stønadssatsen for ein person med
ektemake under 67 år og framgår ikkje på anna vis i lova.
3.2 Merknader frå komiteen
Fleirtalet i komiteen, medlemene frå
Arbeidarpartiet, Høgre, Sosialistisk Venstreparti, Kristeleg Folkeparti og
Senterpartiet, er samd i at utmålinga av ei supplerande ordning skal skje ut
frå eit standardnivå eller minstenivå. Fleirtalet støttar at utgangspunktet
er minsteytingane i folketrygda og seier seg også samd i dei forslag til
innretning og avgrensingar som departementet føreslår.
Sist oppdatert 8. nov 2005 av Stortingets administrasjon