Innst.O.nr.56 (2004-2005)
Innstilling frå kommunalkomiteen om lov om supplerande stønad til
personar med kort butid i Noreg
4. Gjennomføringa av behovsprøvinga
4.1 Samandrag
Sett i høve til målgruppa for ei
supplerande stønadsordning, er det klårt at behovsprøving av denne ytinga i
det vesentlege vil innebere inntektsprøving. Ein kan ikkje vente at
personar i denne gruppa vil ha særleg formue. Ordninga bør likevel opne for
å ta omsyn til dette dersom einskilde likevel skulle ha formue av ein viss
storleik.
Hovudpunktet ved utforminga av ein ny
stønadsordning vert likevel reglane for inntektsprøving. Behovet for
supplerande stønad er som tidlegare nemnd individuelt, og ytingane bør
avkortast i samsvar med den samla inntekta hos stønadstakaren. Samstundes
er det viktig at arbeidet for trygdeetaten vert minst mogleg.
Departementet foreslår:
| - | Alle
former for inntekt skal inngå ved inntektsprøvinga av supplerande stønad, pensjonsinntekt,
kapitalinntekt og arbeidsinntekt, norske inntekter så vel som inntekter frå utlandet.
Inntekt hos ektemake, sambuar eller registrert partnar inngår i prøvinga. |
| - | Ytingane
til ektemakar som begge har fylt 67 år, vert inntektsprøvde for seg. Dersom ein
av ektemakane har ei høgare inntekt enn full supplerande stønad, skal den overskytande
delen av inntekta takast med ved prøvinga av ytingane til den andre ektemaken.
|
| - | Inntekt
som inngår i prøvinga skal gå til frådrag i stønaden krone for krone. |
| - | Supplerande
stønad skal utgjere eventuell positiv differanse mellom full supplerande stønad
og inntektene som inngår i prøvinga. |
| - | Supplerande
stønad vert prøvd mot formue, men ikkje vanleg bolig eller andre vanlege ting
til dagleg bruk for stønadstakaren. Departementet får heimel til å gi forskrift
til utfylling av lova. |
Departementet viser til § 6, § 7 og §
8 i lovforslaget.
4.2 Merknader frå komiteen
Fleirtalet i komiteen, medlemene frå
Arbeidarpartiet, Høgre, Sosialistisk Venstreparti, Kristeleg Folkeparti og
Senterpartiet, meiner det er viktig at behovsprøvinga skjer etter klåre og
enkle reglar. Fleirtalet meiner departementet sitt forslag i utgangspunktet
synest oversiktleg og praktikabelt, og viser til at reglar for behovsprøving
også er eit område som eventuelt kan endrast når ordninga vert evaluert.
Fleirtalet vil understreke at supplerande stønad også kan prøvast mot
formue, men ikkje mot ein bustad av vanleg standard eller andre eigendelar
som fell inn under omgrepet ting til dagleg bruk. Fleirtalet gir
departementet heimel til ei eventuell utfylling av lova gjennom forskrift på
dette punktet.
Sist oppdatert 8. nov 2005 av Stortingets administrasjon