|
Komiteen viser til at krigen i det tidlegare Jugoslavia er svært tragisk, ein krig som rammar sivile og uskuldige på ein særs hard måte. Krigen har skapt mange sår og uforsonlege haldningar mellom tidlegare gode naboar. Det er ein stor og vanskeleg prosess å skape forsoning og fred i området.
Komiteen ser det som særs positivt at Noreg og norske borgarar har tatt på seg viktige oppgåver i prosessen for fred og forsoning. Komiteen har merka seg at situasjonen for dei sivile er svært vanskeleg og at nye flyktningar kjem til kvar dag.
Komiteen legg vekt på at FN's Høgkommissær for flyktningar har bede om nye bidrag til flyktningar og krigsoffer. Det er særskilt trong for kanalisering av midlar gjennom UNHCR til finansiering av flyktningemottak og hjelpearbeid i eller nær krigsområda.
Komiteen har merka seg at det norske bidraget skal gå til å sikre tilgang på matvarer i Bosnia-Hercegovina, Kroatia og Serbia, medrekna Kosovo, setje opp naudbustader i Bosnia, sikre eit minimum av medisinar og helsetenester i spesielt utsette område, og sikre vidareføring av dei norske lastebilkonvoiane med naudhjelp i tillegg til anna norsk hjelpearbeid og tillitsskapande tiltak.
Komiteen har elles ikkje merknader til framlegget om endringar på statsbudsjettet 1993, og stør forslaga i proposisjonen.