Lenke til Stortingets hovedside  

Innst.S.nr.24 (1993-1994)
Innstilling frå finanskomiteen om statsrekneskapen medrekna folketrygda for budsjetterminen 1992.


oversikt første forrige neste

4.  OVERFØRINGAR FRÅ STATEN

       Det har vore ein svak auke i dei samla overføringane (i faste prisar) til privat sektor i 1992. Privat sektor omfattar også Statens Banksikringsfond og Sparebankenes Sikringsfond som fekk tilført 12.000 mill. kroner i 1991 og 2.500 mill. kroner i 1992. Dersom ein held desse løyvingane utanom, var det ein monaleg auke i andre overføringar til private. Også overføringane til kommunal sektor viser reell oppgang av omlag same relative omfang.

       Oppstillinga under viser utviklinga i samla overføringar dei siste åra (inkl. folketrygda):

Tabell:  Samla overføringar

  Overføringar ialt Pst. av BNP utan
  Mill. kroner olje og sjøfart
1985 136.167 34,6
1986 153.099 34,3
1987 166.943 33,7
1988 177.457 34,0
1989 197.241 37,3
1990 218.470 39,9
1991 247.207 43,8
1992 255.826 43,8


       Det går fram av oppstillinga at det var sterk auke i dei samla overføringane frå 1988 til 1991. Overføringane utgjorde 34 % av BNP i 1988 og 43,8 % i 1991. Oppgangen i desse tre åra hadde særleg samanheng med dei store utgiftene til dagpengar og ymse arbeidsmarknadstiltak, og med sterk auke i utgiftene til pensjonar og andre sosiale formål på trygdebudsjettet. Større bruk av bruttoføringar på nokre område i statsrekneskapen har og verka inn. Den spesielt sterke veksten i overføringane frå 1990 til 1991 har samanheng med at det i 1991 vart løyvd 12 mrd. kroner til Statens Banksikringsfond og Sparebankenes Sikringsfond. Desse overføringane ga ein auke i andelar av BNP på 2,1 % frå 1990 til 1991, medan dei andre overføringane ga ein auke på 1,8 %.

       I 1992 utgjorde dei samla overføringane 43,8 % av BNP, det same som året før. Det vart i 1992 overført 2,5 mrd. kroner til banksikringsfonda mot 12 mrd. kroner året før.

       Oppstillinga i tabellen nedanfor viser samla overføringar på dei viktigaste formåla og samanlikna med tilsvarande utgifter i 1991.

Tabell:  Overføringar etter formål
  1991 1992 Endring
  Mill. kr Mill. kr i %
Sosiale formål 91.724 95.234 3,8
Helsevern 30.935 33.679 8,9
Undervisning, forskning og kultur 21.525 23.227 7,9
Jordbruk, skogbruk og fiske 14.538 14.923 2,6
Arbeidsliv og distriktsutbygging 20.753 23.790 14,6
Utviklingshjelp 7.148 7.433 4,0
Familie- og forbrukerpolitikk 13.151 15.065 14,6
Innanlands transport 5.615 6.439 14,7
Industri og bergverk 2.197 2.269 3,3
Bustadformål 3.598 3.959 10,0
Finans-administrasjon 14.023 4.467 -68,1
Renter på statsgjeld 16.585 17.575 6,0
Andre overføringer 5.415 7.766 43,4
I alt 247.207 255.826 3,5


       Dei samla overføringane auka difor berre med 3,5 % frå 1991 til 1992. Dersom ein held utgiftene til banksikringsfonda utanom, auka dei andre overføringane med 7,7 %. Den underliggande veksten var såleis fortsatt sterk.

       Av dei samla overføringane på 255,8 mrd. kroner i 1992, var 52,5 mrd. kroner overføringar til kommunar og fylkeskommunane, medan slike overføringar utgjorde 49,0 mrd. kroner i 1991, altså ein auke på 7,2 %

       Overføringane til private og andre statsrekneskap var på 203,3 mrd. kroner i 1992. Auken frå året før er på 5,1 mrd. kroner eller 2,5 %. Som nemnd ovanfor gjekk løyvingane til banksikringsfonda ned med 9,5 mrd. kroner. Overføringane til andre private formål auka såleis med 14,6 mrd. kroner eller 7,8 %.



oversikt første neste


Sist oppdatert 8. nov 2005 av Stortingets administrasjon