|
Ved utgangen av 1992 hadde om lag 945.000 personar langtidsytingar frå folketrygda som hovedinntektskjelde. Desse fordeler seg med om lag 620.000 personar på alderspensjon, om lag 235.000 personar på uførepensjon og om lag 90.000 på andre pensjonsordningar/stønader (einslege, etterlatte, m.v.). På same tid hadde vel 300.000 personar korttidsytingar. Desse fordeler seg med om lag 185.000 på arbeidsløysetrygd, om lag 63.000 på attføring og om lag 53.000 på sjukepengar.
Utgiftene til trygd gjeld både sosiale formål og helsevern. Sosiale formål gjeld mest kontante utbetalingar til einskildpersonar. Helsevernet i trygda er samansett av ulike finansieringsordningar for helsetenesta. Den einskilde pasienten står som mottakar av tenester, medan institusjonar og helsepersonell i regelen får oppgjer direkte frå trygda.
I åra 1990-92 fordelte utgiftene seg
slik:
| 1990 | 1991 | 1992 | |
| Sosiale formål | 83.677 | 90.029 | 94.460 |
| Helsevern | 29.068 | 7.950 | 8.916 |
| Sum | 112.745 | 97.979 | 103.376 |
| Endring i % | 8,1 | -13,1 | 5,5 |
Det har vore ein auke i utgiftene på
5,5 % frå 1991 til 1992.
| 1990 | 1991 | 1992 | |
| Sosial formål: | |||
| Sjukepengar m.v. | 13.945 | 15.403 | 15.270 |
| Attføring | 5.803 | 6.845 | 7.846 |
| Uførepensjonar m.v. | 17.827 | 19.508 | 20.303 |
| Alderspensjonar | 37.577 | 39.995 | 42.106 |
| Helsevern: | |||
| Helse- og sosialtenesta i | |||
| fylkeskommunane | 11.452 | 1.263 | 1.462 |
| Helse- og sosialtenesta i kommunane | 13.374 | 1.845 | 1.984 |
| Refusjonar ellers | 4.242 | 4.842 | 5.470 |
For året 1992 utgjer alderspensjonar 40,7 % av dei totale utgiftene (områda 29 og 30), uførepensjonar 19,7 % og sjuke- og fødselspengar 14,8 %.