|
Totale nettoutgifter for det direkte statlege økonomiske engasjementet i petroleumssektoren (SDØE) har auka med om lag 4.500 mill. kroner i 1992. Dette kjem av fleire forhold.
Oljeproduksjonen auka frå 1991 til 1992. Samstundes fall prisane frå gjennomsnittleg 133 kr/fat i 1991 til omtrent 119 kr/fat i 1992. Nettoeffekten vart likevel auka inntekter. Avskrivningane og dei kalkulatoriske rentene på statens kapital auka frå 1991 til 1992. Dette kjem av at statens kapital i petroleumsverksemda veks pga. det høge statlege investeringsnivået. Frå 1991 til 1992 steig investeringane med om lag 2.800 mill. kroner.
Den samla produksjonen frå felt der staten har direkte eigendelar, vil fortsette å stiga fram til midten av 1990-talet. Dei statlege investeringane vil anslagsvis auke med 10 mrd. kroner frå 1992 til 1993, og vil halde seg på eit høgt nivå i 1994 òg.