Lenke til Stortingets hovedside  

Innst.S.nr.24 (1993-1994)
Innstilling frå finanskomiteen om statsrekneskapen medrekna folketrygda for budsjetterminen 1992.


oversikt første forrige neste

16.  BUDSJETTBALANSE OG BUDSJETTAVVIK

       Oppstillinga under viser hovudtala for budsjett og rekneskap i 1992 (i mill. kroner):

Tabell:  Avvik, budsjett, rekneskap

      Nysaldert

    S. III budsjett Avvik Rekneskap Avvik
    1 2 3=2-1 4 5=4-2
a. Underskot før lånetransaksjonar
  ekskl. petroleumsverksemd og
  oljeskattar 65.470 68.794 3.324 65.371 -3.423
b. Nettoinntekt av
  petroleumsverksemd og
  oljeskattar 35.864 28.703 -7.161 30.505 1.802
c. Underskot før
  lånetransaksjonar 29.606 40.091 10.485 34.866 -5.225
d. Utlån og avdrag, netto 26.278 22.206 -4.072 20.823 -1.383
e. Finansieringsbehov 55.884 62.297 6.413 55.689 -6.608


       Ved nysalderinga av budsjettet for 1992 vart dei totale utgiftene nedjusterte med 1.965 mill. kroner og dei totale inntektene nedjustert med 8.378 mill. kroner samanlikna med vedtatt budsjett (S. III). Samla finansieringsbehov - som utgjorde 55.884 mill. kroner i S. III - vart dermed auka med 6.413 mill. kroner til 62.297 mill. kroner. Dette hadde særleg samanheng med nedjusteringa av overslaga for oljeskattar og med løyvingar til banksikringsfondet og dagpengar. Utgiftene til lånetransaksjonar vart nedjusterte med vel 4 mrd. kroner. Av dette var størstedelen lån til statsbankane. Hovedkomponentane i endringane i finansieringsbehovet frå S. III til nysalderinga var (i mill. kroner):


Løyvingar til Statens Banksikringsfond 2.500

Dagpengar 1.650

Redusert inntekt av oljeskattar

og statleg petroleumsverksemd 7.161

Betre rentebalanse -882

Reduserte utlån, netto -4.072

Diverse, netto 56


Ialt 6.413




       Rekneskapen for 1992 viser eit finansieringsbehov på 55.689 mill. kroner eller 6.608 mill. kroner mindre enn ved nysalderinga av budsjettet. Tabellen ovanfor viser at vel halvparten av forbetringa skriv seg frå nedgang i det oljekorrigerte underskotet på 3.423 mill. kroner. Av denne forbetringa gjeld ca. 3.000 mill. kroner auka inntekter. Netto oljeinntekter er auka med 1.802 mill. kroner, medan netto utlån er redusert med 1.383 mill. kroner.



oversikt første neste


Sist oppdatert 8. nov 2005 av Stortingets administrasjon