Lenke til Stortingets hovedside  

Innst.S.nr.24 (1993-1994)
Innstilling frå finanskomiteen om statsrekneskapen medrekna folketrygda for budsjetterminen 1992.


oversikt første forrige neste

17.  STATENS BALANSEKONTO

       I 1992 var statens totale inntekter 394.319 mill. kroner og dei totale utgiftene 450.008 mill. kroner. Dette ga eit finansieringsunderskott på 55.689 mill. kroner.

       Finansieringsunderskottet i 1992 er dekka ved at staten tok opp 41.739 mill. kroner i nye lån og at kontantmidelen vart redusert med 13.950 mill. kroner.

       Tabell nedanfor viser storleiken pr. 31. desember 1992 på mellombelse kontolån, statskassevekslar og statssertifikat på den eine sida og statens innskott i bankar m.m. på den andre sida dei siste fem åra.

Tabell:  Gjeld og innskott (mill. kroner)

      Bankinnskott/
31.12 Kontolån Statssertifikat postgiro

1988 36.301 22.980 110.595
1989 40.297 28.174 113.169
1990 41.522 28.682 99.631
1991 46.601 31.206 77.799
1992 39.131 36.799 58.778


Tabell:  Eigenluter og gjeld (mill. kroner)

  1991 1992 Endring
Eigenluter:
Bank og postgirokonti m.m. 77.799 58.778 -19.021
Mellomrekneskapen med rekneskapsførarar 8.023 13.550 5.527
Verdipapir 8.728 8.809 81
Utlån og uteståande krav 156.174 193.285 37.111
Forskott m.m. 1.180 1.421 241
Valutabyte -514 -562 -48
Kapital i statsbankane 5.652 7.679 2.027
Kapital i statens sjølvstendige bedrifter 6.216 25.846 19.630
Fast kapital i statsbedriftene1 116.586 99.287 -17.299
  379.844 408.093 28.249
Gjeld:
Statsgjelda 178.026 217.042 39.016
Kontolån frå Fond som Noregs Bank forvaltar 3.857 2.658 -1.199
Deposita og avsetningar 6.286 6.889 603
Utferda gjeldsbrev for den delen av grunnfond i
statsbankane som ikkje er betalt 3.541 3.541
Overførte unytta løyvingar 8.171 10.522 2.351
Avslutningskonto 179.963 167.441 -12.522
  379.844 408.093 28.249

1Av dette gjeld 61,0 (1991) og 69,0 (1992) mrd. kroner statens direkte engasjement i petroleumsverksemda.

       Eigenlutene har auka med 28,2 mrd. kroner frå 1991. Inneståande på bank og postgiro har gått ned med 19,0 mrd. kroner.

       Auken i utlån og i uteståande krav er 37,1 mrd. kroner. Lån til statsbankane auka med 10,5 mrd. kroner. Dei nye statsføretaka Statnett SF og Statkraft SF har fått lån på 26,4 mrd. kroner. Innskottskapitalen i statsføretaka er ført under statens sjølvstendige verksemder med 15,1 mrd. kroner. Fast kapital i statsbedriftene har vorte redusert med 17,3 mrd. kroner. Noko av grunnen til dette er at Statskraftverkene i 1992 blei reorganisert frå forvaltningsbedrift til statsføretaka Statnett SF og Statkraft SF. Dermed vart den faste kapitalen redusert frå 24,7 mrd. kroner (1991) til 0 (1992). I petroleumsverksemda auka fast kapital 7,9 mrd. kroner, medan fast kapital i Televerket vart redusert med 1,1 mrd. kroner. Statsgjelda gjekk opp med 39,0 mrd. kroner i 1992. Av dette skriv om lag 27,1 mrd. kroner seg frå faste lån opptatt i utlandet. Kontolån frå fond som Noregs Bank forvaltar gjekk ned med 1,2 mrd. kroner.



oversikt første neste


Sist oppdatert 8. nov 2005 av Stortingets administrasjon