Lenke til Stortingets hovedside  

Innst.S.nr.70 (1993-1994)
Innstilling frå næringskomiteen om verksemda i og rekneskapen for Omsetningsrådet for 1990, 1991 og 1992.


oversikt første forrige neste

I. SAMANDRAG

       Melding om verksemda i Omsetningsrådet skal leggjast fram for Stortinget for to år om gongen. Sidan denne meldinga var lagt fram i andre halvåret 1993, valde Landbruksdepartementet å ta med året 1992 også.

       Kjøtsalet auka i 1990 og 1991 pga. betra kjøpekraft og lågare prisar. Det vart likevel overskot av kjøt i 1990, hovudsakleg grunna at reduserte mjølkekvoter gav auka slakting av storfe. I 1991 var marknadsbalansen betre. Da salet av storfe-, sau- og svinekjøt gjekk ned og produksjonen såg ut til å auke, vart satsane for omsetningsavgift auka. Også på egg- og fjørfekjøtsektoren var det nødvendig å gå inn med sterke reguleringstiltak, sjølv om forbruket av egg var høgt i 1990 og 1991. I 1991 vart det gjennomført billegsal på høns for første gong sidan 1985.

       Satsane for omsetningsavgift vart endra fleire gonger alle tre åra for å dekkje behovet for midlar til marknadsreguleringstiltak. For å få ein fleksibel sats for svinekjøt, vart satsen i 1991 gjort om til ein maksimalsats.

       Verksemda i Omsetningsrådet byggjer både på dei midlane som kjem inn frå omsetningsavgifta og på løyvingar over statsbudsjettet.

       Resultatrekneskapen for 1990, 1991 og 1992 viser at det vart betalt inn respektive 723.537.000 kroner, 650.080.000 kroner og 622.674.000 kroner i omsetningsavgift. I 1990 vart det brukt 735.915.000 kroner, i 1991 359.731.000 kroner og i 1992 586.848.000 kroner til ulike tiltak for å fremje omsetningen av landbruksvarer. Til dei ulike fonda vart det overført 7.215.000 kroner i 1990, 315.256.000 kroner i 1991 og 100.254.000 kroner i 1992. Fondskapitalen var 36.196.000 kroner pr. 31. desember 1990, 351.452.000 kroner pr. 31. desember 1991 og 451.706.000 kroner pr. 31. desember 1992. Samanlikna med åra 1988 og 1989, da eigenkapitalen var respektive 96.008.000 kroner og 28.981.000 kroner pr. 31. desember, har eigenkapitalen i Omsetningsrådet igjen auka.

       Omsetningsrådet fekk 293.368.000 kroner frå staten i 1990. I 1991 var løyvinga 275.063.000 kroner og i 1992 265.719.000 kroner. Midlane vert løyvt over jordbruksavtalen og reindriftsavtalen.

       Midlane vart brukt til avsetnadstiltak, reguleringsanlegg, frakttilskot, spesielle tiltak innan hagebrukssektoren og produksjonstilskot til honning. Administrasjonskostnadene var 2,3 mill. kroner i 1990 og 2,5 mill. kroner i kvart av åra 1991 og 1992. Utgiftsførte, ikkje utbetalte statsmidlar førre året var 16.234.000 kroner i 1990, 24.914.000 kroner i 1991 og 24.444.000 kroner i 1992.

       Tilsynsutvalet for Omsetningsrådet har ikkje hatt merknader til verksemda i Omsetningsrådet og rekneskapen for 1990, 1991 og 1992.

       Meldinga omtalar også dei endringer som vart gjort i omsetningslova med bakgrunn i Ot.prp. nr. 67 (1990-1991) .



oversikt første neste


Sist oppdatert 8. nov 2005 av Stortingets administrasjon