|
Forslag 1
Regjeringa vert oppmoda om, i den framtidige beslutningsprosessen for igangsetting av nye produksjonsfelt for olje og gass, å berekne og ta med kostnader ved fjerning av innretningar.
Forslag 2
Stortinget anmoder Regjeringa om å
vurdere selektivt å setje ned pensjonsalderen for utsette
arbeidstakargrupper på kontinentalsokkelen.
Forslag 3
Regjeringa vert oppmoda om å vurdere
oppretta ei eigen miljø- og ressursavdeling i Oljedirektoratet. Dette med
sikte på å bygge opp kompetanse m.a. for miljø- og ressursrekneskap til bruk
for overordna beslutningstakarar.
Forslag 4
Regjeringa vert oppmoda om å treffe tiltak som sikrar ein forsvarleg og truverdig beredskap for bemanna undervannsoperasjonar også i framtida.