|
Komiteen viser til at stortingsrepresentantane Jan Simonsen og Carl I Hagen i Dok.nr.8:80 (1993-1994) har sett fram lovendringsforslag om å oppretta ei eiga lønsnemnd for politi- og lensmannsetaten.
Komiteen meiner det er naturlig å sjå dette forslaget og forslaget i Dok.nr.8:79 om å oppheva streikeforbodet i politiet i samanhang, og har valgt å handsama begge forslaga i samband med Dok.nr.8:80.
Som ein konsekvens av dette vil
komiteen gå inn for at
Dok.nr.8:79
(1993-1994) vert lagt ved protokollen utan realitetshandsaming.
Komiteen sitt fleirtal, medlemene frå
Arbeidarpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Kristeleg Folkeparti, viser
til sine merknader i innstillinga til
Dok.nr.8:80
(1993-1994), der fleirtalet har sett fram forslag om å oppheva § 20 i
politilova og dermed oppheva streikeforbodet for politiet direkte utan at
saka først vert sendt til Regjeringa.
Komiteen sitt mindretal, medlemene frå Høgre, Senterpartiet og Framstegspartiet, viser til sine respektive merknader i innstillinga til Dok.nr.8:80 (1993-1994) der det går fram at desse medlemer gjer framlegg om ei eiga lønsnemnd for politi- og lensmannsetaten i staden for å gjeninnføra streikeretten.