Innst.S.nr.104 (1994-1995)
Innstilling fra samferdselskomiteen om forslag fra stortingsrepresentant
Erling Folkvord om å utrede et nasjonalt system for biltrafikkbegrensning i
byer og tettsteder bygget på den norske « KØFRI »-teknologien.
Komiteens merknader
Komiteen viser til følgende uttalelse,
datert 19. januar 1995 fra Samferdselsdepartementet, i saken:
| « Vi
viser til brev frå samferdselskomiteen av 28.9.1994, der komiteen ber om uttale
frå Samferdselsdepartementet til ovannemnde Dok.nr.8. |
| Departementet
si vurdering av saka er:
|
| Spørsmålet
om å redusere trafikken der trengselen og belastninga på omgivnadene er store,
er eit aktuelt utgreiingstema for vegstyresmaktene i mange land. Vegprising i
ei eller anna form blir sett på som eit mogeleg nytt verkemiddel for å oppnå
dette, sjølv om ingen land førebels har gått til det skrittet å innføre vegprising.
|
| I
St.meld. nr. 34 (1992-1993) (NVVP 1994-97) er vegprising drøfta, og det blir
vist til at departementet har sett i gang eit omfattande utgreiingsarbeid. Diskusjonen
internasjonalt foregår m.a. i PIARC, der Noreg blir sett på som særleg interessant
pga. bompengeringane i Oslo og Trondheim. |
| Det
systemet som blir skissert i Dok. nr. 8:62, inneber at alle motorkøyretøy i Noreg
skal utstyrast med KØFRI-brikke, og at alle husstandar får tildelt ein kvote
tellarskritt pr. husstandsmedlem pr. år (gratis eller til låg pris). Ved passering
av målepunkt blir det trekt tellarskritt. Målepunkta skal plasserast i eit mønster
tettare og tettare inn mot sentrum i byar og tettstader, og det blir trekt fleire
tellarskritt di nærare rushtida ein køyrer. Tellarskritt skal kunne seljast og
kjøpast i ein marknad som automatisk vil oppstå for slikt. |
| Departementet
vil i det følgjande gå inn på ein del sider ved forslaget.
|
| Innføring
av eit nasjonalt system for biltrafikkbegrensning i byar og tettstader, basert
på målepunkt med differensierte takstar, vil kunne vere eit effektivt verkemiddel
for å redusere trafikken på dei vegane der systemet blir innført. Det er likevel
ei rekkje spørsmål som vil måtte vurderast nærare. |
| Vi
vil m.a. peike på at eit slikt system kan gje utilsikta verknader ved at trafikantane
finn andre reisemål utanfor byar og tettstader. Dette vil kunne føre til ei utarming
av bysentret stikk i strid med intensjonane. Det vil vere sentralt å finne ei
utforming av systemet, m.a. plassering av målepunkt, slik at ein i størst mogeleg
grad unngår utilsikta verknader. Det kan også vere aktuelt å kombinere eit slikt
system med andre verkemiddel. Vi vil peike på at det m.a. vil vere viktig å sørgje
for at det finst eit tilstrekkeleg kollektivt transporttilbod. Det må elles takast
omsyn til at slike system gjev ei ekstra belastning for einskild-menneske og
bedrifter, og såleis kan gje uheldige fordelingsverknader og konkurransevridingar.
|
| På
bakgrunn av vurderingar som Vegdirektoratet har gjort, ser det ut til at det
skisserte systemet let seg gjennomføre reint teknisk. I praksis vil eit målepunkt
likevel vere meir enn ei lita antenne hengt opp i ein stolpe. Eit målepunkt vil
måtte ha ein del datateknisk utstyr montert i skap ved vegkanten og eit videosystem
for å kontrollere og følgje opp dei som passerer utan å betale. Den estetiske
tilpassinga av målepunkta i bymiljøet må derfor også vurderast. |
| I
tillegg til brikkene og målepunkta må ein etablere eit system for utdeling av
dei rasjonerte tellarskritta. Dette kan i teorien gjerast enkelt ved utsending
av eit sett lada chipkort (plastkort) med ulike tal tellarskritt som til saman
utgjer tellarskrittkvoten, til alle personar i Noreg ved byrjinga av året. Dei
elektroniske brikkene vil lagast for innstikk av plastkort. Omsetjinga av tellarskrittkorta
kan då gjerast i ein fri marknad. Eit system der den einskilde trafikant kjøper
tellarskritt ved å lade kort, vil krevje eit nett av ladestasjonar. |
| Å
byggje opp eit kombinert system beståande både av rasjonering, bytting av og
kjøp og sal av tellarskritt over eit nasjonalt datasystem vil kreve ein omfattande
driftsorganisasjon. Ein må også byggje opp ein driftsorganisasjon for å etterhandsame
videobilete og bøtleggje trafikantar som køyrer utan å betale, og det må avklarast
korleis utanlandske køyretøy skal handsamast. Alt i alt vil både investerings-
og driftskostnadene bli store og vil kunne bli kritiske for systemet. |
| Førebels
vurderingar tyder på at det vil kunne etablerast eit tilstrekkeleg sikkert system
sjølv med full anonymitet for den einskilde trafikanten. Personvernomsyn treng
såleis ikkje vere eit argument mot systemet. |
| Vi
vil elles peike på at det også fins andre idear til tekniske løysingar for å
gjennomføre vegprising, m.a. basert på tellarar i kvart køyretøy.
|
| Teknologisk utvikling
og gjennomføring |
| Departementet
er ikkje kjent med at Micro Designs A/S allereie har utvikla ei brikketype som
kan fylle krava til det foreslåtte systemet. Det er likevel truleg at ei slik
brikke kan utviklast relativt raskt. |
| Før
ein går til det skrittet å gjennomføre ein større installasjon, må ein sikre
at den tekniske løysinga er tilstrekkeleg utprøvd og moden. Dette krev omfattande
testinstallasjonar for å få kontroll med teknisk funksjonalitet. I tillegg vil
ein måtte rekne med ein lang periode for å byggje opp det organisatoriske apparatet
og gjennomføre alle praktiske tillempingar av systemet. Ein skal heller ikkje
undervurdere tida som trengst for å informere publikum, legitimere systemet og
skape sosial aksept. Dette er også nødvendig for å få eit slikt system til å
verke.
|
| Tilrettelegging for
norsk industri |
| Styresmaktene
vil framleis leggje forholda til rette for norsk teknologi på dette området,
men ved eit ordinært kjøp vil ein måtte følgje regelverket for offentlege kjøp.
Likeins vil ein måtte sjå etter at internasjonale standardar blir følgt.
|
| Departementet
ser på forslaget som interessant, og meiner, på bakgrunn av Vegdirektoratet sine
vurderingar, at det er teknisk mogeleg å gjennomføre det. Det er likevel ei rekkje
spørsmål som vil måtte utgreiast vidare. |
| Departementet
har tidlegare i svaret vist til at det pågår eit omfattande utgreiingsarbeid
om vegprising, jf. NVVP 1994-97. Vi meiner på den bakgrunn at det ikkje bør setjast
i gang eit eige utgreiingsarbeid om den særskilte løysinga som er skissert i
Dok.nr.8:62. Vi vil i den samanhengen peike på at andre modellar for vegprising
vil kunne vise seg å vere enklare å gjennomføre, samstundes som dei fangar opp
det som er intensjonane i forslaget. Departementet vil kome attende til Stortinget
når utgreiingsarbeidet om vegprising er kome noko lengre. » |
Komiteen viser videre til følgende
svar av 24. januar 1995 fra Samferdselsdepartementet i saken:
| « Vi
viser til brev frå samferdselskomiteen av 20.1.1995 med tilleggsspørsmål i tilknytting
til ovannemnde Dok.nr.8. |
| Det
vises til Samferdselsdepartementets svarbrev av 19. januar d.å. der det går fram
at det er i gang et utredningsarbeid om vegprising. |
| - | Kan
departementet si noe om tidsplanen for dette utredningsarbeidet?
|
| Det
er i St.meld. nr. 34 (1992-1993) (NVVP 1994-97) gjeve ei brei omtale av vegprising
og problemstillingar som må utgreiast vidare. Det blir i meldinga peikt på at
det er behov for å vurdere nærare m.a. institusjonelle forhold, kostnader og
gevinstar for samfunnet, personvernspørsmål, verknader for næringslivet og fordelingsverknader,
i tillegg til teknologiske forhold. |
| Utgreiingsarbeidet
har den seinare tida vore konsentrert om institusjonelle forhold (avgjerdsprosessar,
bruk av inntekter m.v.). Eit større prosjekt om dette, utført ved Universitetet
i Bergen, vil bli avslutta i løpet av 1995. I dette prosjektet inngår også ei
oppsummering og vurdering av arbeidet med vegprising i Nederland og England.
|
| Det
er som påpeikt, ei rekkje spørsmål som vil måtte vurderast nærare, og departementet
vil om kort tid ta stilling til den vidare innretninga på utgreiingsarbeidet.
Det er enno for tidleg å seie når det samla utgreiingsarbeidet vil vere avslutta.
Departementet vil kome attende til vegprising i neste Norsk veg- og vegtrafikkplan,
som blir lagt fram våren 1997. »
|
Komiteens flertall, alle unntatt
medlemmene fra Høyre, definerer forslaget som en mulig måte å innføre
vegprising på.
Flertallet ser på vegprising som et
nyttig og interessant virkemiddel for å regulere trafikkstrømmene på
vegnettet. Hensikten må være å skape endringer i et eksisterende
trafikkmønster. Grunnene til at en ønsker endringer kan være flere;
reduksjon av lokal luftforurensning, korrigering for de kostnader som en
bilist påfører samfunnet ved å benytte en bestemt veg på et bestemt
tidspunkt, påvirke trafikantene til å bruke kollektivtransport osv.
Komiteens medlemmer fra Høyre vil peke
på at våre nasjonale avgifter hva angår kjøp og bruk av motorkjøretøyer er
meget høye. Dette er en av årsakene til at utgiftene til transport utgjør
en høyere andel av næringslivets kostnader enn i andre land. Dette svekker
vår konkurranseevne. Disse medlemmene vil derfor peke på at en radikal
vegprising ytterligere vil kunne øke dette kostnadsnivået fordi mange
næringer - av hensyn til sine kunders åpningstider og korrespondanse med
andre framføringssystemer - ikke kan forskyve sine transporter.
I tillegg vil en slik vegprising
økonomisk ramme mange enkeltpersoner og familier som av hensyn til arbeid,
skole og barnehage ikke kan styre unna pristoppene.
Disse medlemmene vil ikke kunne støtte
en slik utvikling.
Komiteen viser til en enstemmig
merknad i
Innst.S.nr.232
(1992-1993):
| « Komiteen
deler departementets oppfatning om at det er behov for ytterligere utredninger
før eventuelt vegprising blir innført i Norge. » |
Komiteen viser til departementets
svarbrev datert 19. januar 1995 hvor det bl.a. henvises til at det pågår et
omfattende utredningsarbeid om vegprising. Departementet peker videre på at
andre modeller for vegprising vil kunne vise seg å være enklere å
gjennomføre, samtidig som de fanger opp det som er intensjonene i forslaget.
Komiteen vil avvente resultatet av
utredningsarbeidet.
Komiteen ber departementet komme
tilbake til Stortinget med problemstillinger om vegprising - og senest i
forbindelse med NVVP 1998-2001.
Sist oppdatert 8. nov 2005 av Stortingets administrasjon