|
Til Stortinget.
I
Dok.nr.8:28
(1994-1995) fremjer representanten Magnus Stangeland følgjande forslag:
Stortinget ber Regjeringa utarbeide
ein nasjonal plan for det framtidige postkontornettet, der det vert trekt
opp nasjonale kriterier for å sikre ein likeverdig postservice i alle deler
av landet, og der kommunane får ein større innverknad på korleis
postservicen skal vera i den enkelte kommune.
Stortinget ber Regjeringa instruere
Postverket om å stanse planane om postkontornedlegging inntil ein slik plan
er handsama av Stortinget.
Stortinget ber Regjeringa utarbeide eit regelverk der Regjeringa ved Samferdselsdepartementet er ankeinstans. »