|
Til Stortinget.
Regjeringa gjer i proposisjonen framlegg om samtykke til ratifikasjon av Protokoll nr 11 til konvensjonen om vern av menneskerettane og dei grunnleggjande fridommane, med endring av kontrollsystemet som er oppretta i konvensjonen. Protokollen, som er ein endringsprotokoll til Den europeiske menneskerettskonvensjonen, byggjer på vedtak i Ministerkomiteen og toppmøtet i Europarådet i Wien i oktober 1993 om å reformere kontrollsystemet for menneskerettskonvensjonen. Protokollen blei opna for underteikning i Strasbourg den 11. mai 1994, og Noreg underteikna protokollen same dagen.
Det vert opplyst i proposisjonen at tilslutnad til protokollen venteleg ikkje vil medføre direkte budsjettkonsekvensar for Noreg. Eventuelle meirkostnader vil bli dekte innanfor Utanriksdepartementet si budsjettramme.
Protokollteksten i engelsk original og omsetjing til norsk følgjer som trykt vedlegg til proposisjonen.
I proposisjonen blir det gjort nærare greie for bakgrunnen for endringsprotokollen. Den sterke auken i talet på individuelle klager har gjort at kontrollorgana for Menneskerettskonvensjonen, Den europeiske menneskerettsdomstolen og i særleg grad Den europeiske menneskerettskommisjonen, er overarbeidde og at sakshandsamingstida er blitt urimeleg lang. Deltidsorgana - Kommisjonen og Domstolen - blir derfor bytte ut med ein heltidsdomstol som vil handsame statsklagesaker og individuelle klagesaker i kammer på sju dommarar og kunne omprøve kammervedtak i eit Storkammer på 17 dommarar.
Ordninga medfører i røynda at viktige spørsmål av allmenn interesse kan prøvast i to instansar.
Det vert i proposisjonen vist til at både den individuelle klageretten og statsklageretten etter protokollen skal vere obligatorisk. Ministerkomiteen si noverande rolle i relasjon til kommisjonsrapportar som ikkje blir lagde fram for Domstolen, vil dermed falle bort.
Det vert vidare i proposisjonen gjort nærare greie for innhaldet i dei sju artiklane i protokollen.