|
I St.prp. nr. 1 (1993-1994) for Samferdselsdepartementet er det i samband med endra kostnadsoverslag for radar-, data- og kommunikasjonsutstyr til kontrollsentralen opplyst at den skal tas i bruk 1. kvartal 1995. Tidspunktet for opninga blei av utstyrstekniske grunnar seinare utsett til 10. november 1995.
Opninga av ny kontrollsentral i Røyken er no utsett på nytt. Dette pga. akutt mangel på flygeleiarar ved denne flygekontrolleininga.
Slik stoda er, vil Luftfartsverket vere sikker på at nytilsette, både flygeleiarar og assistentar, har fått grundig opplæring på det nye systemet, og at ein har eit overskot av tilsette før ein fastset ny dato for opning av det nye anlegget i Røyken. Avgjerda om denne datoen vil bli tatt om kort tid.