|
Det vert i proposisjonen vist til at Nordisk utviklingsfond (NDF) vart oppretta av Nordisk Ministerråd i 1988 som eit ledd i det nordiske bistandssamarbeidet for å fremje økonomisk og sosial utvikling i utviklingslanda. Stortinget samtykte i at Noreg skulle delta i NDF gjennom handsaminga av St.prp. nr. 135 (1987-1988) om norsk deltaking i Nordisk utviklingsfond, jf. Innst.S.nr.8 (1988-1989).
Det vert vidare vist til at bidraga til fondet vert finansierte over bistandsbudsjetta i dei nordiske landa. Fondet vart oppretta med ein kapital på 100 millionar spesielle trekkrettar (SDR) som på det tidspunktet tilsvara om lag NOK 862,9 millionar. Etter ein prøveperiode på fem år vart verksemda i fondet evaluert i 1991, og i 1992 vart det vedteke å gjere fondet permanent og å tilføre fondet ny kapital på SDR 150 millionar (NDF II). Bidraga frå dei einskilde landa vert fastsette etter gjeldande fordelingsnøkkel for nordisk finansiering.
Basert på ei uavhengig evaluering hausten 1995 har dei nordiske bistandsstyresmaktene forhandla fram ei semje om ei ny kapitalpåfylling - NDF III - på SDR 250 millionar for perioden 1996-2000. Regjeringa føreslår i proposisjonen at Noreg tek del i kapitalpåfyllinga med sin part på 19,5 %, noko som utgjer SDR 48,75 millionar.
Etter planen skal bidraga til kapitalpåfyllinga betalast til fondet over fem år med start i 1999. Etter noverande kurs vil dei årlege bidraga utgjere om lag 92 mill. kroner. Sidan innbetalinga av bidraga ligg langt fram i tida, vil planen kunne bli justert etter avtale mellom bistandsstyresmaktene i dei nordiske landa, idet det mellom anna vert teke omsyn til likviditetsbehovet i fondet. Det norske bidraget til fondet går over Programområde 03 for Utviklingshjelp. Regjeringa vil komme attende til løyvingsspørsmålet i samband med budsjettframlegga for 1999, 2000, 2001, 2002 og 2003.