|
Komiteen rår Stortinget til å samtykke i at Noreg let seg binde av Protokoll om forbod mot eller restriksjonar på bruk av miner, minefeller og andre innretningar og Protokoll om blindande laservåpen, båe i samsvar med tilråding frå Regjeringa.
Komiteen syner til Innst.S.nr.186 (1994-1995). Komiteen rådde der m.a. til at:
| « - Regjeringen arbeider for et internasjonalt totalforbud mot produksjon, lagring, salg, kjøp og bruk av antipersonellminer, inkludert såkalte sektorminer som anvendes som antipersonellminer. |
| - Regjeringen arbeider aktivt for en så restriktiv revisjon av FNs konvensjon om inhumane våpen som mulig. » (Innstillingen s. 4.) |
Komiteen har merka seg at Regjeringa har arbeidd for å vinne støtte til begge desse måla. Komiteen syner til at Regjeringa hausten 1995 la ned eit nasjonalt forbod mot produksjon, eksport, lagring og bruk av antipersonellminer. Komiteen konstaterer at forbodet òg omfattar sektorverkande miner som vert utløyste med snubletråd. Sektorverkande miner som vert utløyste med fjernkontroll, dvs. som blir nytta som våpensystem, fell utanfor forbodet. Komiteen syner til at den siste antipersonellmina vart destruert den 1. oktober 1996.
Komiteen syner til brev frå utanriksministeren til komiteen, dagsett den 10. juni 1997. Brevet inneheld følgjande fråsegn frå Forsvarsdepartementet:
| « Forsvaret har fulgt opp forbudet mot antipersonellminer i Norge. ... Tiltredelse av protokollen har derfor ingen ytterligere konsekvenser for Forsvaret i den forstand at det ikke vil ha noen følger for nye operative konsepter og doktriner at Norge binder seg til den reviderte landmineprotokollen. » |
Brevet følgjer som trykt vedlegg til denne innstillinga.
Komiteen syner elles til gjennomgangen av forhandlingane og konklusjonar i proposisjonen. Komiteen reknar med at Regjeringa held fram arbeidet for strengare reguleringar og totalforbod i samsvar med tidlegare tilrådingar frå komiteen, jf. Innst.S.nr.186 (1994-1995).